Anneli Jäätteenmäki
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anneli Tuulikki Jäätteenmäki (fødd 11. februar 1955 i Lappo) er ein finsk politikar som representerer Senterpartiet i Finland. Ho var justisminister i landet frå 1991 til 1995, partileiar frå 2002 til 2003, statsminister frå 17. april til 18. juni 2003 og representant i Europaparlamentet frå 2004.
Jäätteenmäki var den fyrste kvinnelege statsministeren i Finland, men vart tvungen til å gå av etter berre to månader, då ho vart skulda for å ha loge om hemmelege dokument som handla om Irak-politikken til Finland.
| Føregjengar Paavo Lipponen |
Statsminister i Finland 2003–2003 |
Etterfylgjar Matti Vanhanen |