Annelie Ehrhardt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Annelie Ehrhardt


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 18. juni 1950 (73 år)
Hötensleben
Idrett friidrett
Tok del i

athletics at the 1972 Summer Olympics – women's 100 metres hurdles, athletics at the 1976 Summer Olympics – women's 100 metres hurdles

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i sølv

Annelie Ehrhardt (fødd Annelie Jahns18. juni 1950) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Ohrsleben i Sachsen-Anhalt, som tevla for Aust-Tyskland på 100 meter hekk. Ho vart olympisk meister i øvinga i 1972 og europameister i 1974.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Annelie Jahns vart europameister for juniorar i 1960. I 1970 sette ho personleg rekord på 100 m hekk på 12,90, ei tid heilt opp med verdstoppen. Året etter forbetra ho seg, som Annelie Ehrhardt, til 12,7, einast landsmannen Karin Balzer hadde betre tid. Ehrhardt deltok i europameisterskapen 1971 i Helsingfors og tok sølvmedaljen, Karin Balzer vann gullet.

I OL-sesongen 1972 dominerte Ehrhardt øvinga og forbetra verdsrekorden to gongar. Den siste sette ho under sommar-OL i München. Med tida 12,59 sekundar var ho fullstendig suveren, sølvvinnaren Valeria Bufanu frå Romania fekk notert 12,84. I friidretts-EM 1974 sikra Ehrhardt seg gullmedaljen på tida 12,66.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]