Annerösli Zryd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Annerösli Zryd (fødd 3. mai 1949) er ein sveitsisk, tidlegare skirennar frå Adelboden. Ho vart verdsmeister i utfor under VM i alpint 1970 i Gherdëina.

AKtiv[endre | endre wikiteksten]

Zryd debuterte i verdscupen i alpint i 1967, det året turneringa kom i gang. To gongar kom ho på fjerdeplassen i utfortevlingar, den første i Sestriere og den neste i Franconia. I 1968 vart ho sveitsisk meister i utfor, og ho deltok i alle tre øvingane under vinter-OL 1968 i Grenoble. Det enda med ellevteplassar i slalåm og utfor, og ein trettandeplass i storslalåm. To femteplassar i verdscupen i utfor vart hennar beste resultat i OL-sesongen.

1969-sesongen kom Zryd som best på sjetteplass i verdscuprenn, ein i slalåm og ein i utfor. Under VM i alpint 1970 i Gherdëina i Italia gjekk Zryd svært overraskande heilt til topps i utforrennet. Med tida 1.58,34 var ho nøyaktig ein halv sekund føre sølvvinnaren Isabelle Mir frå Frankrike. Meisterskapen var også med i verdscupen i alpint, og var Zryd einaste siger i verdscupen. Hennar beste verdscupplassering i sesongen elles var ein sjuandeplass i utfor i Oberstaufen.

Zryd la opp etter verdscupsesongen 1970.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]