Anni-Kristiina Juuso

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Anni-Kristiina Juuso (nordsamisk òg Ánne Risten Juuso) (fødd 4. mai 1979) er ein skodespelar frå i Ivalo i Finland.

Juuso vart fødd i ein samisk familie i Finsk Lappland, og har vakse opp med samisk som morsmål, eit språk ho snakkar ved sida av finsk og svensk. Som femtenåring forlet ho heimstaden for å byrje på teaterskole i Helsingfors. Sidan heldt ho fram med høgre skodespelarutdanning i den finske hovudstaden.

Medan ho utdanna seg, arbeidde ho med samiske program i finske Yleisradio. Ho debuterte som filmskodespelar i 2001 i den russiske filmen Kukuschka ('Gauken').

I 2008 hadde ho hovudrolla i filmen Kautokeino-opprøret av Nils Gaup, som ho fekk Amandaprisen i klassen beste kvinnelege hovudrolle for.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2002: Kukuschka (Кукушка)
  • 2007: Kautokeino-opprøret

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]