Annibale Carracci

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Annibale Carracci

Sjølvportrett, ca. 1590-1600
Statsborgarskap Kyrkjestaten
Fødd 3. november 1560
Bologna
Død

15. juli 1609 (48 år)
Roma

Yrke kunstmålar, grafikar, teiknar, bygningstegner, grafisk designar
Sjanger historiemåleri, sjangermåleri, portrettmåleri
Signatur
Annibale Carracci på Commons

Annibale Carracci (3. november 156015. juli 1609) var ein italiensk målar og grafikar under barokken. Kunstkritikaren Giovanni Bellori hylla på 1600-talet Carracci som sjølve personifiseringa av barokken i Roma.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Marias himmelfart, 1601
Herre, kvar går du?, 1602

Carracci var fødd i Bologna. I byrjinga av 1580-talet starta syskenbarnet hans, Ludovico Carracci, eit målarakademi i Bologna saman med Agostino Carracci, storebroren til Annibale. Dei tidlege verka til Carracci-brørne er vanskelege å skilje, så som freskane i Palazzo Fava i Bologna (ca 1583-84). Brørne arbeidde i lag i Bologna fram til 1595, då Annibale, som var mest kjend, vart kalla til Roma av kardinalen Odoardo Farnese for å dekorere galleriet i Palazzo Farnese i Roma.

Freskane i Palazzo Farnese[endre | endre wikiteksten]

I Palazzo Farnese starta Carracci med å dekorere eit mindre rom som vart kalla Camerino. Tida 1595-97 måla han historier om Herkules, som passa vel då rommet også hyste ein gresk-romersk skulptur av Herkules. Seinare i 1597 leia han ei gruppe målarar som måla freskar i taket i den store salongen over temaet The Loves of the Gods. Freskane er detaljerte og spelar saman med illusjonistiske element, det heile innramma i ein stram renessansedekor. Dei er inspirert av mellom andre Michelangelos sixtinske kapell og freskane i Villa Farnesina. Dette verket inspirerte den seinare straumen av illusjonisme i barokken; til dømes hos Pietro da Cortona, Giovanni Lanfranco og seinare Andrea Pozzo og Giovanni Gaulli.

Gjennom 1800- og 1900-talet vart takfreskane i Farnese-palasset rekna mellom dei mest autoritative meisterverka innan freskomåling. Freskane hadde status både som lærebok over heltefigurar og som ein modell i måleteknikk. Carracci laga hundrevis av forarbeid før han måla taket.

Frå 1606 var han overmanna av tungsinn og slutta nesten fullstendig med måling. Han døydde i Roma vart gravlagd i Pantheon, nær Rafael.

Stil og motiv[endre | endre wikiteksten]

Carraccis stil ber noko preg av naturalisme, men framfor alt av klassisisme. Han observerte mennesket sin anatomi, og la til visse idealiserande drag. Presisjonen i gestikuleringane påverka Nicolas Poussin, og gjennom han heile formspråket med gestikulering innan målekunsten.

Carracci var ein av de første italienske målarane som let landskapet spele ei viktigare rolle enn personane i biletet, slik som i meisterverket Flukta frå Egypt. Domenichino og Claude Lorrain var mellom elevane hans som vidareførte dette.

Flukta til Egypt, 1603

Utvalde verk[endre | endre wikiteksten]

  • Slaktarbutikken, 1580-talet
  • Kristi dåp, 1584
  • Marias himmelfart, 1590
  • Venus og Adonis, 1595
  • Freskane i Palazzo Farnese, 1595-1605
  • Marias himmelfart i 'Santa Maria del Popolo' i Roma, 1601
  • Herre, kvar går du? (Domine quo vadis?), 1602
  • Flukten til Egypt, 1603

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Annibale Carracci