Annihilasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Annihilasjon (engelsk annihilation) skildrar i kvantemekanikken det som skjer når ein elementærpartikkel kolliderer med eit eksemplar av antipartikkelen sin. Dei vil då utslette kvarandre og omdannast til energi i form av foton av type gammastråling eller andre elementærpartiklar. Den motsette prosessen er pardanning. Ved annihilasjon og pardanning vil energi som skuldast massen til partikkelen gå over i kinetisk energi og omvendt, men slik at den totale energien er bevart.

Energien E kjem frå partiklane sin masse m og rørslemengda p gjeven ved formelen

E^2 = m^2 c^4 + p^2 c^2,

der c er lysfarten i vakuum.

For å gje ein ide om storleiksordenen av denne samanhengen kan ein sei at 2 kg materie som annihilerer mot 2 kg antimaterie vil generere ein energi som svarar omtrentleg til den årlege vasskraftproduksjonen til Noreg. Sidan ei hydrogenbombe av deuterium «berre» forbrukar rundt 6 ‰ av den aktive massen sin ved fusjonen, kan ein si at ei annihilering er kring 160 gonger kraftigare.

Produksjonen av antimaterie ved CERN er per i dag ikkje større enn at det ville ta fleire milliardar år å produsere éit gram.

Annihilasjon og pardanning var viktige prosesser i starten av universet vårt, ein mikroskopisk brøkdel av eit sekund etter big bang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]