Anniken Huitfeldt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anniken Huitfeldt

Fødd29. november 1969 (54 år)
Bærum kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, historikar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
FarIver Huitfeldt
Alle verv
Anniken Huitfeldt i 2010.
Foto: Johannes Jansson/norden.org

Anniken Scharning Huitfeldt (fødd 29. november 1969) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho har vore kulturminister og arbeidsminister i regjeringa Stoltenberg II, og utanriksminister i regjeringa Støre.[1]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Huitfeldt er dotter av lagdommar Iver Huitfeldt (f. 1943) og lektor Sidsel Scharning (1940–1990). Ho kjem frå Jessheim i Akershus og høyrer til den danske adelsslekta Huitfeldt (vert uttala hvittfelt). Ho er også niese av Høgre-politikaren Fritz Huitfeldt.

Utdanninga si på vidaregåande skule var ho ferdig med i 1988. Ho var leiar i Ullensaker AUF frå 1985 til 1988 og styremedlem i Akershus AUF frå 1986 til 1990. I 1989 byrja ho på universitetsstudia sine ved Universitetet i Oslo. Ho tok då grunnfag i statsvitskap og historie fram til 1992, då ho byrja på grunnfag i geografi ved London School of Economics. I 1993 var ho tilbake ved Universitetet i Oslo, der ho vart utdanna cand.philol. med hovudfag i historie.

Huitfeldt er gift, og har tre ungar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Ho var nestleiar i Arbeidaranes Ungdomsfylking (AUF) frå 1994 til 1996 og leiar frå 1996 til 2000. Frå 2000 til 2005 arbeidde ho som forskar i Forskningsstiftelsen Fafo. Ho var også styremedlem i Redd Barna frå 2001 til 2007. Huitfeldt var vararepresentant til Stortinget i periodane 1993–1997 og 2001–2005, og vart innvald fast frå Akershus i 2005. Ho har sidan 2002 vore sentralstyremedlem i Arbeidarpartiet, og frå 2007 leiar i Arbeidarpartiets kvinnenettverk. Frå ho vart innvald i 2005 til ho vart statråd i 2008, var ho fyrste nestleiar i Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité, i tillegg til medlem av gruppestyret til Arbeidarpartiet på Stortinget.

Huitfeldt vart i statsråd 29. februar 2008 utnemnd til barne- og likestillingsminister etter at Manuela Ramin-Osmundsen trekte seg frå denne ministerposten. Gorm Kjernli vart då fast vara for henne på Stortinget. Den 20. oktober 2009 vart ho utnemnd til kulturminister i den «nye» regjeringa Stoltenberg II, og i perioden 2009–2013 er det Are Helseth som møter som fast vara på Stortinget.

Skandalar[endre | endre wikiteksten]

I august 2023 heldt Huitfeldt ein pressekonferanse; her kom det fram at ho hadde vore inhabil i saker i regjering og eige departement etter at ektefellen hennar hadde kjøpt aksjer. Huitfeldt omtala det som «uvitende inhabil» ettersom ho ikkje kjende til aksjehandlane til ektefellen sin.[2] Kort tid etter at saka vart kjend sa statsminister Støre at han framleis hadde tillit til Huitfeldt – ho heldt dimed fram som utanriksminister.[3][4] Den 16. oktober 2023 vart Huitfeldt erstatta av Espen Barth Eide som utanriksminister.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Child slavery and child trafficking in West Africa, Roma minorities in the Czech and Slovak Republics, Det globale ekteskapsmarkedet (Fafo-notat 2001–2004)
  • Likhet eller Likeverd (1996)
  • Fagbevegelsen foran et nytt århundre (1997)
  • Sosialdemokratiet 2000 (2000)
  • Næringslivets samfunnsansvar (2003)
  • Women in Iraq – Analytical Report, Bagdad (2005)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Regjeringens medlemmer». Regjeringen.no. 14. oktober 2021. Arkivert frå originalen 15. oktober 2021. Henta 15. oktober 2021. 
  2. Kjersti Gulbrandsen Lien; Nima Salimi; Lin Beate Gabrielsen & David Skovly. «Endrer retningslinjene etter Huitfeldt-innrømmelse» (på norsk bokmål). NRK. Henta 16. oktober 2023. 
  3. Marie Melgård & Ola Magnussen Rydje. «Støre etter nye Huitfeldt-avsløringer: Endrer ingenting» (på norsk bokmål). Dagen Næringsliv. Henta 16. oktober 2023. 
  4. «Støre: – Har fortsatt tillit til Huitfeldt» (på norsk bokmål). NRK. Henta 16. oktober 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Anniken Huitfeldt