Anomali

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Anomali er eit gresk ord som tyder «noko som vik frå det normale».

I meteorologi vil ein anomali vera eit lokalt avvik frå eit større mønster over ein lengre periode, t.d. temperaturanomali, som vil seia at temperaturen skil seg vesentleg frå det som er forventa i det aktuelle området og tidsrommet.

Innan religion vil ein anomali vera om lag det same som eit mirakel.

Innan anatomien seier ordet ikkje noko om kor alvorleg avviket er. Til dømes kan den medfødde hjartefeilen anomal innmunning av lungevenene til hjartet vera akutt livstrugande eller utan særleg betydning, avhengig av tilhøva rundt. Ein kan òg bruka ordet abnormitet om misdanningar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]