Anomurer
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Anomurer | ||
| Systematikk | ||
| Rekkje: | Arthropoda | |
| Underrekkje: | Crustacea | |
| Klasse: | Malacostraca | |
| Orden: | Decapoda | |
| Underorden: | Pleocyemata | |
| Infraorden: | Anomura | |
| Vitskapleg namn | ||
| Anomura | ||
Anomurer er ei infraorden tifotkreps som omfattar ei rekkje vidt ulike krepsdyr i mange ulike habitat. I norske farvatn er dei representert med fire familiar: Eremittkreps, trollkrabbar, trollhummarar og porselenskrabbar.
[endre] Kjenneteikn
Anomurer har, som alle andre tifotkreps, ti gangbein. Det siste av desse er derimot ofte gøymd under ryggskjoldet, inne i gjellekammeret der det vert nytta til å halda gjellene reine. Dette trekket skil dei frå ekte krabbar, som har ti velutvikla gangbein som alle vert nytta til å gå med.
[endre] Systematikk
Anomurene vert delt inn i fire overfamiliar:
- Galatheoidea
- Galatheidae (trollhummarar)
- Chirostylidae
- Porcellanidae (porselenskrabbar)
- Aeglidae (ei lita gruppe ferskvassanomurer frå Sør-Amerika)
- Kiwaidae (Kiwa hirsuta, ein nyoppdaga art som stundom vert kalla «pelshummar»)
- Hippoidea
- Lomisoidea
- Lomisidae (Lomis hirta)
- Paguroidea