Anortositt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anortositt
Labrador brown, egersund.JPG
Anortositt (Sirevåg (Kommune )
Kjenneteikn
Gruppe magmatisk

Anortositt er ein grovkorna (fanerittisk), lys blåleg, grå til brunleg magmatisk bergart. Bergarten er klart dominert av plagioklas (75-95% plagioklas er vanleg), i 1-10 cm store krystall, med samansetnad vanlegvis mellom An70 og An40. Han kan nokre gonger ha labradorisering, som er ei lysbryting i bergarten. Denne lysbrytinga oppstår på grunn av avblanding av lamellar av to typer plagioklas. Desse er små og først synleg i optisk mikroskop. Både antipertittar og böggildlamellar (An48 – An56) er vanlege. Dei siste skapar fargespel i plagioklas, noko som er med på å gjere anortositt attraktivt som fasade- og prydstein. Andre karakteristiske mineral er ortopyroksen, og olivin. Bergartane kan klassifiserast som anortosittar, leukonorittar, leukogabbroar, og leukotroktolittar ut frå varierande innhald av pyroksen og olivin.

Massif-type anortosittar er vanlegvis særs grovkorna, homogene og massive bergartar, der plagioklas kan ha ein tendens til å danne ein planar laminasjon. Lagning er ikkje utprega, men svak isomodal lagning kan opptre, og ein kan finne modalgradering. Desse lagningane er derimot lite uthaldande. Orthokumulatar, det vil sei kumulat av eitt eller fleire kumulatmineral i tillegg til krystallisasjonsproduktet av interstitiell smelte, er vanlege.

Opphavet og danningsmekanismane for massiv-type anortosittar er eit kontroversielt tema. Teoriane om foreldremagma kan delast inn i to grupper, anten har anortosittene krystallisert frå monzonorittisk/jotunittisk smelte dannet i nedre skorpe, eller frå mantelderivert basaltsmelte som har fraksjonert ut olivin og pyroksen på djupt nivå i skorpa, moglegiens kontaminert med skorpemateriale.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]