Another Time, Another Place av Bryan Ferry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Another Time, Another Place
Studioalbum av Bryan Ferry
Språk engelsk
Utgjeve 5. juli 1974
Innspelt Våren 1974
Sjanger
Lengd 41:58
Selskap Island
Produsent Bryan Ferry, John Punter
Bryan Ferry-kronologi 
These Foolish Things
(1973)
Another Time, Another Place Let's Stick Together
(1976)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars [1]
Christgau's Record GuideB+[2]
Tom HullB[3]

Another Time, Another Place er det andre studioalbumet til Bryan Ferry som soloartist, gjeve ut i juli 1974. Albumet nådde fjerdeplassen på den britiske albumlista.

Innspelinga fann stad i London i Island, Ramport og AIR.

Som med These Foolish Things, var Another Time, Another Place i røynda eit coveralbum, med unntak av den siste songen, tittelsporet som var skriven av Ferry. Det inneheld ein Bob Dylan-song («A Hard Rain's a-Gonna Fall» på den førre plata, «It Ain't Me Babe» på sistnemnde) og ein standard (tittelsporet «These Foolish Things» på forrige plate, «Smoke Gets in Your Eyes» på Another Time, Another Place) men medan These Foolish Things la vekt på songar av jentegrupper frå tidleg i 1960-åra, la Another Time, Another Place vekt på soul (Sam Cooke, Ike & Tina Turner) og country (Billy Page, Kris Kristofferson, Willie Nelson, Joe South). Utvalet av songar og den meir sofistikerte settinga og produksjonen, gav albumet eit meir «vaksent», seriøst og tankefullt preg enn det førre albumet til Ferry.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

I ei melding for AllMusic skreiv Ned Raggett: «Albumet har totalt sett ei kjensle som er meir formell enn føregangaren, men Ferry og kompani, pluss forskjellige blåsarar og strykarar, skrur på nok show til at det likevel er gøy. Tittelsporet på slutten, ein original av Ferry, var ein bodbringar om soloalbuma som kom til å kome.»[4] Kritikaren Robert Christgau skreiv «Komishow er sjeldan like morosame andre gongen, særskild når du har brukt opp dei beste vitsane dine -- 'The In Crowd' er den einaste songen med entusiasme Ferry kjem opp med her.»[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side 1
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«The 'In' Crowd» (Dobie Gray-song frå albumet Dobie Gray Sings for 'In' Crowders That 'Go Go' (1965))Billy Page4:36
2.«Smoke Gets in Your Eyes» (cover)Jerome Kern, Otto Harbach2:53
3.«Walk a Mile in My Shoes» (cover)Joe South4:44
4.«Funny How Time Slips Away» (Billy Walker-cover)Willie Nelson3:31
5.«You Are My Sunshine» (cover)Jimmie Davis, Charles Mitchell6:47
Side 2
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«(What a) Wonderful World» (Sam Cooke-song frå albumet The Wonderful World of Sam Cooke (1960))Sam Cooke, Herb Alpert, Lou Adler2:55
2.«It Ain't Me Babe» (Bob Dylan-song frå albumet Another Side of Bob Dylan (1964))Bob Dylan3:57
3.«Fingerpoppin'» (cover)Ike Turner3:34
4.«Help Me Make It Through the Night» (Kris Kristofferson-song frå albumet Kristofferson (1970))Kris Kristofferson4:15
5.«Another Time, Another Place» (første originale song av Ferry som soloartist)Ferry4:46

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1974) Plassering
Australia (Kent Music Report) 21[6]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre:

  • Vicki Brown, Helen Chappelle, Barry St. John, Liza Strike - korvokal
  • Strykarar arrangerte av Ann Odell
  • Blåsarar arrangerte av Martyn Ford
  • Lydteknikar: John Punter
  • Assisterande lydteknikarar: Rhett Davies, Mark Dodson, Gary Edwards, Sean Milligan
  • Konsept for omslaget: Bryan Ferry
  • Fotografi: Eric Boman
  • Design: Nicholas de Ville
  • Kunst: Bob Bowkett (C.C.S.)
  • Mote: Antony Price

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Raggett, Ned (2011). «Another Time, Another Place - Bryan Ferry | AllMusic». allmusic.com. Henta 19. juli 2021. 
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: F». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 24. februar 2019 – via robertchristgau.com. 
  3. Hull, Tom (April 1975). «The Rekord Report: Third Card». Overdose. Henta 18. juli 2021 – via tomhull.com. 
  4. http://www.allmusic.com/album/another-time-another-place-mw0000650140
  5. http://www.robertchristgau.com/get_artist.php?name=Bryan+Ferry
  6. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 111. ISBN 0-646-11917-6. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]