Ansel Adams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Tetons and the Snake River, frå Grand Teton National Park i Wyoming

Ansel Adams (20. februar 190222. april 1984) var ein fotograf frå Sambandsstatane. Han er kjend som ein av dei fremste naturfotografane i verda. Han utvikla sonesystemet, som er ein metode for å få god kontroll med eksponering og framkalling. Han har hatt stor innflytnad både som fotograf og i arbeidet med å få fotografi akseptert som kunstform. Han gav ut fleire bøker, mellom anna The High Sierra i 1927 og Illustrated Guide to Yosemite Valley i 1940.

Adams er kjend for svart-kvitt-bilete av villmarka i dei vestlege delane av Sambandsstatane. Han fekk mellom anna i oppdrag frå innanriksdepartementet å fotografera frå nasjonalparkane. Bileta til Adams er prega av fototeknisk dugleik og stor interesse for lyset sin verknad på biletet. Sonesystemet brukte han til å dela inn lyssjatteringane til motivet i ti sonar, frå svart til kvitt. Dette gjorde at han kunne visualisera gråtonane i det endelege fotografiet særs nøyaktig. Kontrollen han oppnådde med dette systemet gjorde at han kunne fanga inn fine endringar i lys og tone, slik at når han tok nye bilete av nett det same motivet, kunne resultatet verta heilt annleis.

I 1932 skipa Adams gruppa f/64 saman med m.a. Edward Weston. Målet til denne gruppa var å gje ei mest mogleg naturtru bilete av den verkelege verda. Seinare utvikla Adams og dei andre medlemane seg i meir subjektive retningar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]