Ansgar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ansgar er eit mannsnamn som kjem frå tysk,samansett av ans-, 'ås' (gud) og -gar, 'spyd'. Ansgar svarar til det norske namnet Åsgeir og til det engelske namnet Osgar, kanskje det same namnet som Oskar.

Ansgar har namnedag 3. februar.

Bruken av namnet i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Anskar» kom i bruk i Noreg rundt 1860, registrert i Vestfold på 1840-talet.[1]

  • Ved folketeljinga i 1801 var namnet ikkje registrert brukt.
  • Ved folketeljinga i 1900 var det 345 registrerte med namnet, i formene Anscar, Ansgaard, Ansgahr, Ansgar, Ansgard, Ansgarius, Anskar, Anskarius. Mange brukarar budde i Aust-Agder, heile 24 i Dybvåg.
  • I 2008 var det 392 menn som hadde Ansgar til første fornamn, 9 heitte Anskar.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]