Ansjos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ansjos
Ansjos
Ansjos
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Orden: Sildefisk Clupeiformes
Underorden: Clupeoidei
Familie: Ansjos Engraulidae
Underfamilie: Engraulinae
Slekt: Engraulis
Art: Ansjos E. encrasicolus
Vitskapleg namn
Engraulis encrasicolus

Ansjos (Engraulis encrasicolus) er ein liten sildefisk som er vanleg i kystnære farvatn i Middelhavet og aust i Atlanteren. Han er lett å kjenne att på den kjegleforma snuta og dei store augene og kjeften. Arten førekjem ikkje vanleg i norske farvatn, men vert rett som det er påtreft sør i Nordsjøen.

I Sør-Europa er ansjosfisket mellom dei viktigaste fiskeria.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Ansjosen har ei langstrekt blågrøn til grå kropp med store skjel som sit laust. Snuta er lang og kjegleforma og kjeften brei - overkjeven går langt bak auga. Bukfinnane sit lenger framme på kroppen enn den relativt korte ryggfinnen. Langs sidene har fisken ei sølvblank linje (ikkje funksjonell som sidelinje) som bleiknar når dyret vert eldre.

Ansjos er ganske små fisk som sjeldan vert meir enn 15 centimeter. Maksimal levealder er tre til fire år.

Stimande ansjos.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Ansjos lever pelagisk i stim nær kysten, stundom òg i lagunar og elveos. Stimane vandrar, med ein tendens til å gå lenger nord og høgare i vassmassane om sommaren. Dei beitar hovudsakleg på dyreplankton dei tek opp med gjellegitteret sitt, det vil seie ein silaktig struktur som består av minst 50 gjellestavar på dei fremre gjellebogane.

Når gytinga skjer varierer med utbreiingsområdet til fisken, men det går føre seg over ein lang periode om sommaren. Egga er ovale, noko som er sjeldsynt mellom fisk, og flyt pelagisk i nokre få dagar til dei klekker. Særs mange av desse går tapt, men sidan kvar ho kan gyta opp til 20 000 egg gjer ikkje det så mykje.

Ansjoslarvar heldt seg relativt høgt oppe i vatnet. Det tek berre eit år for dei å bli kjønnsmogne, men dei gyter likevel sjeldan meir enn to gongar i løpet av livet sitt.

Norsk «ansjos»[endre | endre wikiteksten]

Ansjos som i Noreg vert omsett som joleansjos, ansjosfilet og liknande, er i røynda brisling som ofte er fiska i norske fjordar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hamre, Johannes & Gjøsæter, Harald: «Ansjos» i Norges Dyr, Cappellen 1992
  • FishBase