Antônio Carlos Jobim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Antônio Carlos «Tom» Jobim (fødd 25. januar 1927 i Rio de Janeiro, død 8. desember 1994 i New York) var ein brasiliansk komponist, arrangør, songar, pianist og gitarist.

João Gilberto gav i 1958 ut ein singel med Jobim sin song Chega de Saudade, med tekst av Vinícius de Moraes. Den blei svært populær og markerte starten på bossa-nova-bølgja (bossa nova tyder «ny bølgje») som kulminerte mot slutten av 1960-talet. Den mest kjende av Jobin sine songar, og den sannsynlegvis mest internasjonalt utbreidde bossa-nova-songen i det heile, er Garota de Ipanema – betre kjend som The Girl from Ipanema.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Forfedrane til Jobim kom frå Frankrike til Brasil på 1600-talet. Jobim blei fødd i Tijuca, men voks opp i Ipanema – begge er bydelar i Rio de Janeiro. Han lærte å spele gitar allereie i tidleg barnealder og piano frå han var tretten år. Pianolærer var Lúcia Branco, han blei rekna som den beste gitarlæraren i Rio på 1940-talet. Frå 1941 fekk Jobim undervisning frå Hans-Joachim Koellreutter som underviste andre brasilianske komponistar òg.

I 1946 tok Jobim til med eit arkitektstudium, men gav det fort opp og satsa for fullt på musikken. Først spelte han i ulike nattklubbar. Her blei han ven med pianisten og diktaren Newton Mendonça. Elles var han aktiv i studioet til plateselskapet Continental der han òg arrangerte og samarbeidde med komponisten og dirigenten Radamés Gnattali.

Billy Blanco sin innspeling av songen Teresa da Praia i 1954 var Jobim sin første store suksess. To år seinare spurde venen Vinícius de Moraes om han ville sette musikk til manuset Orfeu da Conceição. Den franske regissøren Marcel Camus filmatisering fekk namnet Orfeu Negro, og den blei eit gjennombrot for Jobim og Moraes. Einskilde klassikarar i Brasil sin populærmusikk stammar frå denne tida, til dømes Se todos fossem iguais a você og A felicidade.

Jobim var leiar av platemerket Odeon fram til 1958 og i den tida spelte Elizete Cardoso inn songar av Moraes og Jobim som i dag blir rekna som milepålar i utviklinga av musikken i Brasil, særskilt Canção do amor demais (1958) – det første albumet med bossa nova-musikk. Plata inneheldt Cardoso si tolking av Jobim-songen «Chega de Saudade», men den slo først ikkje så godt an. Det gjorde derimot den til da ukjente João Gilberto si tolking av same songen som kom ut på singel i juli 1958, og det blir rekna som starten på bossa-novaen sin storheitstid i Brasil. Året etter gav Gilberto ut debutalbumet sitt under tittelen Chega de saudade. Andre kjende Jobim-songar på denne plata er «Desafinado» og «Samba de uma nota só», begge skrivne i samarbeid med Newton Mendonça. Etter dette blei Jobim rekna som si tids viktigaste komponist i Brasil og ein av grunnleggarane av bossa novaen. Arrangementa hans opna nye vegar og høve for popolærmusikken i Brasil. Bossa-nova-entusiastane tok tradisjonelle brasilianske songformer som choro og samba, og blanda dei opp med andre element, framfor alt frå jazzen. Jobim var påvirka av Pixinguinha, Chiquinha Gonzaga, Ernesto Nazareth, Sinhô, Ary Barroso, Dorival Caymmi, Claude Debussy og den klassiske jazzmusikken.

Jobim fekk sitt internasjonale gjennombrot tidleg i 1960-åra. Den viktigaste hendinga var tvillaust bossa-nova-festivalen i Carnegie Hall i New York (1962) dit Jobim og ei rekke andre brasilianske kunstnarar blei invitert. Bossa novaen blei populær i Nord-Amerika, og Jobim spelte inn album med Stan Getz og Frank Sinatra.

Gravsteinen over Jobim

I 1970-åra skreiv Jobim musikk til ei rekke filmar og tv-produksjonar. Songane hans blei framførde av av storingar som Ella Fitzgerald og Elis Regina. Jobim samarbeidde med mange, både med komposisjon og framføring, men samarbeidet med Vinícius de Moraes var det mest grøderike; saman står dei bak hits som Ela é carioca og Garota de Ipanema. Frå samarbeidet med Dolores Durán stammar til dømes Por causa de você og med Aluísio de Oliveira Dindi.

Samanlikna med dei sparsamt orkestrerte komposisjonane frå den tidlege bossa-nova-perioden er dei seinare verka til Jobim meir komplekse og gjennomarbeidde med mange søramerikanske rytmar. Ein kan òg treffe på verk som er inspirert av den vakre brasilianske naturen.

Galeão Antonio Carlos Jobim er det offisielle namnet på Aeroporto Internacional do Rio de Janeiro.

Songar og komposisjonar i utval[endre | endre wikiteksten]

  • Garota de Ipanema
  • Wave
  • A Felicidade og O nosso Amor (begge frå filmen Orfeu Negro)
  • Triste
  • Samba de Uma Nota Só
  • Corcovado
  • Insensatez
  • Dindi
  • Chega de saudade
  • Fotografia
  • Águas de Março
  • Desafinado
  • Meditação

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]