Antakya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Antakya
by
Land  Tyrkia
Region Middelhavsregionen
Provins Hatay
Høgd 67 moh.
Koordinatar 36°12′N 36°09′E / 36.200°N 36.150°E / 36.200; 36.150
Folketal 213 581
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 31
Retningsnummer (0)326
Bilnummer 31
Kart
Antakya
36°12′09″N 36°09′38″E / 36.2025°N 36.160555555556°E / 36.2025; 36.160555555556
Wikimedia Commons: Antakya

Antakya (arabisk انطاكية, Anṭākyä frå syrisk ܐܢܛܝܘܟܝܐ, Anṭiokia; gresk Ἀντιόχεια, Antiókheia) er administrasjonssenteret i provinsen Hatay sør i Tyrkia, nær grensa til Syria.

Byen var kjend som Antioka i antikken. Byen er historisk viktig for kristendomen sidan det var disiplane til Jesus Kristus første gongen vart kalla kristne. Byen og dei massive murane spelte òg ei viktig rolle under krosstoga.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg ved elva Nahr al Asi (Orontes), 22 km frå munningen, i eit fruktbart slettelandskap. Eit mindre fjellområde kalla Staurin-fjellet eller Silpion-fjellet (509 moh) i retning nordaust-sørvest gir byen naturleg vern i to retningar.

Byen hadde 46 000 innbyggjarar i 1970, auka til 139 000 innbyggjarar i 2001, men er enno langt mindre enn i oldtida.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Byen har ein middelhavsklima med varme og tørre somrar, og mild og våte vintrar. På grunn av høgda er Antakya har noko lågare temperaturar enn kysten.

Vêrdata for Antakya
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 11 14 18 22 26 28 30 31 30 27 20 13 22
Gjennomsnittleg min °C 4 5 8 11 15 20 23 24 20 14 8 5 11
Gjennomsnittleg nedbør mm 191 165 142 107 81 33 8 5 28 89 109 191 1 149
Kjelde: Weatherbase [1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antiokia frå nordvest. Grafisk blad av William Millar publisert 1866.

Grunnlagt 300 fvt. av Selevkos I Nikator og kalla opp etter faren hans, var Antiokia hovudstad for selevkide-dynastiet. Byen voks raskt, og vart ein av dei viktigaste byane for gresk kultur i konkurranse med Alexandria. Den greske historikaren og geograf Strabon (død 24 evt.) kalla Antiokia for Tetrapolis («Fire-by»). Byen bestod då av fire byar med kvar sine murar, som igjen var omgjeve av ein samanhengande 12 km lang ringmur.

Frå 64 fvt. var byen hovudsete for romerske stattholdarar i provinsen Syria. Fleire gonger hadde òg romerske keisarar residens i byen. I romartida var det omkring 500 000 innbyggjarar med omfattande handels- og næringsverksemd, og var den tredje største byen i keisarriket etter Roma og Alexandria. Under keisar Tiberius vart byen utvida nordover, fekk ein samanhengande ringmur, og eit sentrum dominert av ein 30 meter brei aveny parallelt med elva, omkrinsa av 3 200 søyler. Byplanen vart etter kvart kopiert av dei fleste byane i Midtausten.

Bibelen fortel om den tidlege kristne misjonen i byen. Først forkynte ein berre blant jødane, deretter kom kristne frå Kypros og Kyrene og forkynte òg for dei gresktalande. Frå Jerusalem vart apostelen Barnabas send (Apg. 11,19-23). Òg Paulus verka i byen.

Apostelen Peter vart utnemnd til den første biskopen i Antiokia av den lokale fyrsten etter å ha gjenoppvekka sonen hans som hadde vore død i fjorten år. Antiokia vart særs tidleg sete for eit kriste patriarkat som støtta apostolatet til Peter. Ved byrjinga av 100-talet var kyrkja i Antiokia velorganisert med St. Ignatius som biskop. Som sete for ein av den katolske kyrkja si fem patriarkar, var byen samlingsstad for kyrkjemøta mellom 252 og 300. Byen var ein av dei første i Romarriket som fekk bygd ein katedral med kuppel og mosaikkar (mellom 327 og 341).

Kalifen Omar erobra Antiokia i 637. Tydinga til byen var då allereie redusert. De neste 350 åra var byen på frontlinja mellom to konkurrerande stormakter. Han vart erobra av Austromarriket 969, hadde armensk styre i 1078, og kom under seldsjukkane i 1084.

I det første krosstoget fekk krossfararane oppretta fyrstedømet Antiokia i 1098, som varte til ny erobring ved mamelukkane i 1268, og frå desse av tyrkarane 1517. Frå då av var Aleppo den viktigaste byen i regionen.

I 1938 vart det ved folkeavstemming avgjort at Antakya og området rundt skulle halde fram som ein del av Tyrkia. Folkeforbundet godkjende avgjerda, men Syria gjer enno krav på det som no er provinsen Hatay.

Antakya har fleire gong vorte øydelagt av jordskjelv, siste gongen 1872. Tidlegare skjelv med store øydeleggingar av tyding for utviklinga til byen kom i 148 fvt., 37 evt., 115, 526 (250 000 omkomne), 528, 588, ..., og 1822.

Utsikta over Antakya frå St. Peters kyrkje

Turistmål[endre | endre wikiteksten]

Altret i St. Peters kyrkje
  • St. Peters kyrkje, inne i ei 13 meter djup grotte. Etter tradisjonen den første kristne kyrkja. Ho står i tilknyting til eit underjordisk anlegg som ville gjere det mogleg for dei første kristne å flykte ved forfølging.
  • Hòla Beshikli, brukt til gravplass.
  • Yunus-søyla.
  • Arkeologisk museum, med verda si nest største samling av romerske mosaikk.
  • Basaren.
  • Den romerske brua.
  • Festningen på høgdedraget ved byen.
  • Haghios Petros Paulos, den største kyrkja til byen.
  • Habib-i Neccar Camii, byen sin eldste moske.
  • Restaurantar og natur i Harbiye, 8 km unna, det gamle Daphne
  • Symeon stylitten kloster, 18 km utanfor byen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Weatherbase: Weather for Antakya, Turkey». Weatherbase. 2011.  Retrieved on November 22, 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]