Antarctic Meteorological Research Center

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Antarctic Meteorological Research Center (AMRC) er eit antarktisk forskingsprosjekt under National Science Foundation (NSF) med base i Space Science and Engineering Center (SSEC) ved University of Wisconsin. AMRC vart starta som eit samband mellom UW-Madison det automatiske vêrstsjonprosjektet (AWS) og Man computer Interactive Data Access System (McIDAS), som òg vert driven av UW-Madison.

Behovet for satellittbilete frå geostasjonære og polarbanesatellittar over Antarktis førte til at AMRC vart skipa. I dag skapar AMRC samansette satellittbilete og utfører forsking med desse bielta og andre observasjonar gjort av satellittane. I tillegg samlar AMRC inn og sender ut data frå Antarktis, i tillegg til å arkivere dei, og fremjer forsking i Antarktis gjennom utdanning. AMRC er ei av dei viktigaste kjeldene til vêrdata frå Antarktis og områda rundt.

Antarctic Meteorological Forecast Center (AMFC) ved UW-Madison vart starta opp samstundes og sender ut vêrvarsel for forskingsfartøy i nærleiken av Antarktis.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]