Antelias

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Antelias
أنطلياس
by
Land  Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Distrikt Matn distrikt
Koordinatar 33°55′0″N 35°36′0″E / 33.91667°N 35.60000°E / 33.91667; 35.60000
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer +961
Kart
Antelias
33°55′00″N 35°36′00″E / 33.916666666667°N 35.6°E / 33.916666666667; 35.6
Wikimedia Commons: Antelias

Antelias (arabisk أنطلياس; armensk Անթիլիաս) er ein by i Libanon. Han ligg kring 5 km nord for Beirut. Innbyggjarane er hovudsakleg kristne og include armenarar (hovudsakleg apostoliske kristne), maronittar, gresk-katolikkar og gresk-ortodokse .

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet er opphavleg gresk, ἀντήλιος – frå ἀντί (anti) og ἥλιος (helios) «sol» – og tyder «vender mot sola».

Kommune[endre | endre wikiteksten]

Kommunen Antelias - Naqqach ligg i Matn. Antelias - Naqqach ligg 8 km frå Beirut, hovudstaden i Libanon. Han ligg 10 meter over havet og har eit areal på 1,93 km².[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

St. Gregorius opplysaren-kyrkja (1940)

Antelias består av ei frodig kystslette og nokre årsar lenger aust. Det ligg òg ei smal slette på begge sider av Antelias, som spring ut frå ei nærliggande kjelde (Fawar) og går frå aust til vest og ut i Middelhavet.

Tidlegare var kystsletta hovudsakleg planta med appelsin- og banantre, og det var lite utbygging her. På grunn av urbanisering er dei fleste grøne områda erstatta av bustader og handelsbygg.

Antelias vert rekna som porten inn til dei øvre Matn-regionane. Matn er eit av dei mest velståande områda i Libanon, inkludert fleire fabrikkar, kjøpesenter og skular.

Antelias ligg mellom Beirut og byen Jounieh og kystvegen har kvar dag stor trafikk.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Antelias har ein stor marina og ei strand som mange vitjar frå områda rundt. Garden Tower var det første hotellet som vart bygt i Antelias-området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]