Anthelion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Anthelion er eit sjeldant optisk fenomen i form av ein lysande ring som syner seg på skyer eller tåke i motsett retning av sola. Fenomenet er ein slags halo.

Korleis dei oppstår er omstridd. Enkelte meiner at det er staden der haloar skapt av horisontale søyleforma iskrystallar møtes og lagar ein lys flekk. Om dette stemmer kan ein berre sjå anthelion samstundeds med desse andre haloane.[1] Anthelion kan derimot oppstå utan andre haloar, så andre teoriar er òg laga. Ein teori er at dei vert danna av to ytre lysrefleksjonar i firkanta prisme, medan ein annan teori indikerer at dei to indre refleksjonane i søyleforma krystallar produserer fenomenet.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Anthelion» (på engelsk). Arbeitskreis Meteore e.V. Henta 5. september 2011.