Nålkapselmosar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Anthocerotophyta)
Nålkapselmosar
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Nålkapselmosar Anthocerotophyta
Stotler & Crand.-Stotl., 1977

Nålkapselmosar er små, thallause, eittårige landplanter. Eit særtrekk ved nålkapselmosar er at dei berre har éin stor kloroplast per celle.

Nålkapselmosane er den gruppa landplanter som har mest dominerande fellestrekk med algane. Tidlegare vart bladmosar, levermosar og nålkapselmosar samanfatta som mosar. I dag veit ein at ei slik gruppe er kunstig, mellom anna fordi bladmosar er søstergruppe til karplantene.

I Noreg finn ein to artar, gulnål (Phaeoceros carolinianus) og svartnål (Anthoceros agrestis). Begge desse artane veks på opa mark i Sør-Noreg, og er sjeldsynte. Desse er derfor på den nasjonale raudlista. Det finst totalt i verda ca. 80 artar, fordelte på seks til elleve slekter, avhengig av slektsoppfattninga[1].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kompendium Landplanter 1: Mosene (Solstad,Økland,Nordal), Botanisk Museum & Biologisk Institutt, Universitetet i Oslo, 2010.