Anthon B. Nilsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anthon B. Nilsen i 1930.

Anthon Bernhard Elias Nilsen (30. juni 18556. desember 1936) var ein norsk næringsdrivar, stortingsmann og forfattar frå Svelvik i Vestfold. Han var ein framståande Høgremann, som under psevdonymet Elias Kræmmer skreiv ei lang rekke populære underhaldningsbøker.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Nilsen var son til ein skipper og reiste sjølv til sjøs i fire år, tok styrmannseksamen i 1872 og skippereksamen året etter. I 1874 byrja han arbeide på eit kontor i Drammen, frå 1876 var han styrar for sagbruket Nilsen & Mathisen i Fredrikstad. Seinare starta han sjølv opp med trelasthandel, sagbruk, høvleri, cellulosefabrikk og tresliperi, frå 1900 busett i Moss. Han var medlem av ulike kommunale styre, så som bystyre, hamnestyre og skulestyre. Formann i Fredrikstad «tømmerdirektion» og i Den norsk høvellastforening, samt representantskapen i Privatbanken. I tillegg var han styremedlem og -leiar i ei rad private aksjeselskap. I 1912 busette Nilsen seg i Kristiania, der han var sjef for firmaet Anth. B. Nilsen & Co. Ltd.

Han engasjerte seg i politikken for Høgre-partiet og var formann i 'Smaalenenes amts konservative forening' og ei tid medlem av sentralstyret i «Høgre». Perioden 1895-97 representerte Nilsen byen Fredrikstad på Stortinget, der han i 1895 var permittert frå 24. juni, og i 1896 frå 30. mai. På tinget var han medlem av konstitusjonskomiteen, og i 1897 også av ein spesialkomite vedkomande «ihændehaveobligationer».

Som forfattaren Elias Kræmmer debuterte Nilsen i 1894 med Glade Borgere, «humørfylte skildringer frå småbylivet». Over dei neste 25 åra kom fem liknande samlingar, som alle vann eit stort publikum. Endå større suksess hadde han med fem humoristiske romanar som han gav ut i tidsrommet 1920 til -30. På 1930-talet kom tre band med erindringar; tekstar som vaker i grenselandet mellom faksjon og fiksjon. Eit tolvbands samleverk, Romaner og fortellinger», kom ut i 1949.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]