Anthony Burgess

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anthony Burgess

Anthony Burgess (fødd John Anthony Burgess Wilson25. februar 191725. november 1993) var ein britisk forfattar som særleg er kjend for den dystopiske framtidsforteljinga A Clockwork Orange (Den mekaniske appelsin, 1962). Burgess verka i tillegg som litteraturkritikar for The Observer og The Guardian.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Anthony Burgess var også ein dyktig musikar og skreiv over 250 musikkverk. Han omsette fleire verk, mellom anna operaen Carmen og skodespela Cyrano de Bergerac og Oidipous Tyrannos.

Anthony Burgess var fødd i Harpurhey i Manchester. Han mista mor si og syster si under spanskesjuka i 1918. Han budde hjå moster si fram til faren gifta seg opp at i 1922. Faren hans døydde i 1938 utan å etterlata seg noko, og stemora døydde to år etter. Burgess gifta seg med Llewela (Lynne) Isherwood Jones i 1942.

Burgess studerte engelsk og litteratur ved Victoria University of Manchester, etter at han ikkje var komen inn ved musikkstudiet der på grunn av dårlege fysikkarakterar. Han gjekk ut frå universitetet med ein Bachelor of Arts-grad i 1940.

Under andre verdskrigen tente han som sjukepleiar og undervisar. Medan han var stasjonert i Gibraltar blei kona Lynne valdteken og mishandla i heimen sin av fire amerikanske desertørar. Ho gjekk seinare gjennom ein spontanabort, kanskje som følgje av hendinga. Burgess blei nekta løyve til å vitja henne. Han gjekk ut av hæren i 1946.

Etter nokre år som lærar i England drog Burgess til Malaya i 1954, der han dreiv undervising for dei britiske kolonistyresmaktene. Han var stasjonert i Perak og på Kelantan, og lærte seg flytande malayisk. I denne tida skreiv han tre bøker som seinare blei til Malaya-trilogien The Long Day Wanes. Etter eit kort opphald i Storbritannia fekk Burgess ei ny stilling i Brunei i 1958. Året etter vende han tilbake til Storbritannia med mistanke om ein hjernesvulst; ein rekna med at han berre hadde eitt år igjen å leva. Burgess skunda seg å skriva fleire verk for å sikra enkja si ei inntekt. Etter eit sjukehusopphald i London der ein ikkje fann noko gale slo paret Burgess seg først ned i Hove nær Brighton,deretter i Etchingham i Sussex og til slutt i Chiswick nær London. Dei oppsparte midla deira gjorde at Burgess kunne prøva seg som fulltidsforfattar.

Ekteskapet mellom han og Lynne var blitt svært anstrengt, og etter år med alkoholisme døydde ho av skrumplever i 1968. Eit halvt år seinare gifta Burgess seg med Liana Macellari, som han hadde eit forhold til og ein son med. For å sleppa unna høge skattar drog paret frå England og reiste rundt i Europa. Dei budde på Malta, i Italia, Monaco, Frankrike og Sveits, og hadde opphald i USA. Burgess døydde i London og blei gravlagd i Monaco.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

(utval)

Romanar[endre | endre wikiteksten]

  • Time for a Tiger (1956). Band 1 av trilogien The Long Day Wanes
  • The Enemy in the Blanket (1958). Band 2 av trilogien.
  • Beds in the East (1959). Band 3 av trilogien.
  • The Worm and the Ring (1960)
  • Devil of a State (1961)
  • A Clockwork Orange (Den mekaniske appelsin, 1962)
  • Inside Mr. Enderby (1963). Band 1 av Enderby-kvartetten, som Joseph Kell.
  • The Eve of St. Venus (1964)
  • Enderby Outside (1968). Band 1 av Enderby-kvartetten.
  • Napoleon Symphony: A Novel in Four Movements (1974)
  • The Clockwork Testament eller Enderby's End (1974). Band 3 av Enderby-kvartetten.
  • Beard's Roman Women (1976)
  • Abba Abba (1977)
  • 1985 (1978)
  • Earthly Powers, (Jordiske makter, 1980)
  • Enderby's Dark Lady eller No End of Enderby (1984). Band 4 av Enderby-kvartetten.
  • The Kingdom of the Wicked (1985)
  • The Pianoplayers (1986)
  • Any Old Iron (1988)
  • Mozart and the Wolf Gang (1991)
  • Byrne: A Novel (posthumt, 1995)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Anthony Burgess» frå Wikipedia på engelsk, og «Anthony Burgess» frå Wikipedia på bokmål den 25. februar 2013.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Biswell, Andrew (2006), The Real Life of Anthony Burgess, Picador, ISBN 978-0-330-48171-7 
      • Burgess, Anthony (1982), This Man And Music, McGraw-Hill, ISBN 0-07-008964-7 
      • David, Beverley (July 1973), «Anthony Burgess: A Checklist (1956–1971)», Twentieth Century Literature (Hofstra University) 19 (3): 181–188 
      • Lewis, Roger (2002), Anthony Burgess, Faber and Faber, ISBN 0-571-20492-9 
      • Ratcliffe, Michael (2004), "Wilson, John Burgess [Anthony Burgess (1917–1993)"], Oxford Dictionary of National Biography (online ed.), Oxford University Press, retrieved 20 June 2011