Anthony Eden
Robert Anthony Eden, fødd 12. juni 1897 i West Auckland i Durham, død 14. januar 1977 i Salisbury i Wiltshire, var ein britisk politikar for det konservative partiet. Han var utanriksminister 1935-1938, 1940-1945 og1951-1955, samt statsminister 1955-1957.
Eden kom frå ei sterkt konservativ jordeigarslekt. Han hadde ein eldre og ein yngre bror, den yngre fall då slagkryssaren HMS Indefatigable sokk under Slaget ved Jylland i 1916. Eden studerte ved Eton og Christ Church i Oxford. Der tok han eksamen i språk. Han tala flytande fransk, tysk og persisk, dessutan hadde han gode kunnskapar i russisk og arabisk.
Eden gjekk i februar 1938 av som utanriksminister då statsministeren, Neville Chamberlain, avviste den fredsplanen som USA sin president, Franklin D. Roosevelt, i løynd hadde lagt fram. Avgangen var ein protest mot at Chamberlain vedtok å starte forhandlingar med Benito Mussolini, den fascistiske leiaren av Italia.
I 1940 kom Eden inn att som utanriksminister då Winston Churchill danna ny regjering i mai. Han var under andre verdskrigen med i alle britiske delegasjonar som under Churchill deltok i dei allierte sine toppmøte.
Som utanriksminister frå 1951 forhandla Eden og hans sovjetiske kollega fram ein interimsfred i Vietnam i 1954.
7. april 1955 tok han over som stasminister i Storbritannia.
Ved Suez-krisa i 1956 sende han britiske troppar til Egypt, før den israelske invasjonen fann stad. Dette leia Storbritannia inn i bitre kontroversar med fleire ulike internasjonale aktørar. Dels som ei fylgje av påkjenningane, men og utslag av langvarig bruk av medisinen Benzedrine (amfetamin), forverra Eden si helse seg. Han gjekk av som statsminister på nyåret i 1957, finansministeren Harold Macmillan tok over som statsminister.