Antillarstraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Antillarstraumen er ein varm havstraum som renn nordvestover forbi øygruppa Antillane som skil Det karibiske havet og Atlanterhavet. Straumen kjem av straumen frå den atlantiske Nordekvatorstraumen. Denen straumen lukkar virvelen som går med klokka kring Atlanterhavet. Han vert nytta av mange fiskarar rundt om i Karibia til fiske.

Utanfor floridakysten renn Antillarstraumen saman med Floridastraumen og dannar Golfstraumen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]