Antinøytron

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kvarkstrukturen til eit antinøytron

Eit antinøytron er antipartikkelen til eit nøytron. Det skil seg frå nøytronet ved at spinn og magnetisk moment peikar i same retning, og ikkje i motsette retningar som i nøytronet. Det har same masse som nøytronet og ingen netto elektrisk ladning, men har motsett baryontal. Dette kjem av at eit antinøytron består av antikvarkar, medan nøytrona består av kvarkar.

Sidan antinøytrona er elektrisk nøytrale, kan ein ikkje observere dei direkte. I staden kan ein observere produkta av annihileringa av dei med ordinær materie. Det finst teoriar om at det finst nøytron–antinøytron-oscillasjonar, ein prosess som berre kan oppstå om det finst ein uoppdaga fysisk prosess som bryt bevaringa av baryontala.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]