Antiproton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvarkfordelinga til eit antiproton

Eit antiproton er antipartikkelen til protonet. Eit antiproton har same masse som protonet, men motsett magnetisk moment og ein negativ, men numerisk like stor elektrisk ladning.

Antiprotona er stabile, men vanlegvis kortvarige, fordi dei vert annihilerte i kontakt med eit proton.

Antiprotonet vart føresagt av Paul Dirac i 1933, noko han sidan fekk Nobelprisen i fysikk for. Antiprotonet vart eksperimentelt stadfesta i 1955 av Emilio Segrè og Owen Chamberlain, noko dei fekk Nobelprisen for i 1959.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]