Antique

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Antique
OpphavStockholm, Sverige
Aktiv1999-2003
SjangerEurodance, laïko
PlateselskapV2, Bonnier, Virgin, KA, Urban, Popular
MedlemmerElena Paparizou
Nikos Panagiotidis

Antique var ein svensk-gresk techno-duo som var aktiv rundt tusenårsskiftet. Antique deltok også for Hellas i Eurovision Song Contest 2001 med songen «Die For You».

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Duoen Antique bestod av barndomsvenene Elena Paparizou og Nikos Panagiotidis som begge kom frå greske familiar, men voks opp i Sverige. Dei møttest i vaksen alder i ei feiring av greske utvandrarar til Sverige, og Elena Paparizou vart spurt av broren sin om ho kunne tenkja seg å laga ein ny versjon av den tradisjonelle greske songen «Opa Opa» for eit gresk utvandrarpublikum i Sverige. Men sidan teksten måtte syngjast av ein mann, vart Panagiotidis tilrådd. Duoen valde namnet Antique for å symbolisera noko klassisk og tidlaust, og fekk raskt platekontrakt med det nyoppstarta Bonnier Music. Debutsingelen «Opa Opa» kom ut allereie i juli 1999.

«Opa Opa» blei ein svær hit i det gresk-svenske samfunnet, og kom blant topp fem på den svenske hitlista. I Noreg kom songen blant dei ti beste på topp 20-lista, og han selde også greitt i andre europeiske land. Debutalbumet Mera Me Ti Mera vart sleppt i oktober same året og oppfylgjarsingelen «Dinata Dinata» kom i november. Året etter slapp dei songen «Mera Me Ti Mera» som den tredje singelen frå plata.

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

I 2001 forsøkte Antique seg i den greske finalen av Eurovision. Dei vann med songen «Die For You», trass i at dei var lite kjende i Hellas på førehand. Antique fekk dermed representera Hellas i Eurovision Song Contest 2001 i København. Dei enda på ein god tredjeplass med 147 poeng, berre slått av Estland og vertslandet. Plata Die For You blei gitt ut i 2001 og resulterte i tre singlar, blant dei Eurovision-låta. No hadde Antique gjort seg eit namn i Hellas, og gav ut si fyrste reint greskspråklege plate i 2002, Me Logia Ellinika. Denne inneheldt remixar, gamle hits omsette til gresk og nye, greske songar. Alli Mia Fora frå 2003 var derimot ei heilt ny studioplate med berre greskspråklege songar. Fleire songar og singlar frå dette albumet vart gitt ut på engelsk på Blue Love seinare same året. Antique har også gitt ut fleire samlealbum.

Antique vart oppløyst i 2003 av di dei to medlemmene ville starta sine eigne solokarrierar. Elena Paparizou har så langt gjeve ut seks studioalbum som soloartist, og ho representerte Hellas i Eurovision Song Contest 2005. Den gongen gjekk ho heilt til topps med songen «My Number One».

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

  • Mera Me Ti Mera (1999)
  • Die For You (2001)
  • Me Logia Ellinika
  • Alli Mia Fora (2003)
  • Blue Love (2003)

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Opa Opa» (1999)
  • «Dinata Dinata» (1999)
  • «Mera Me Ti Mera» (2000)
  • «(I Would) Die For You» (2001)
  • «Ligo Ligo» (2001)
  • «Follow Me» (2001)
  • «Moro Mou» (2003)
  • «Time To Say Goodbye» (2003)
  • «List Of Lovers» (2003)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]