Antologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk

Ein antologi er ei tekstsamling, det vil seie ei bok med fleire litterære tekstar, ofte innanfor same sjanger, men frå ulike forfattarar. Novelle- og diktantologiar er dei vanlegaste typane. Antologiar førekjem også svært ofte innanfor fleire akademiske disiplinar. Då blir dei gjerne kalla artikkelsamlingar.

Ordet stammar frå gresk og betyr opphavleg «blomstersamling».