Anton Christian Bang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anton Christian Bang

Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. september 1840
Dønna kommune
Død

29. desember 1913 (73 år)
Christiania

Yrke skribent, politikar, historikar, teolog
Språk norsk
Politisk parti Høgre
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Anton Christian Bang på Commons

Gudspjallet aa fyrste joladagen
Men dat bar til i hine dagar, at dar kom bodord fraa keisar Augustus, at dar i heile verdi skulde ritast mantal. Denne fyrste mantalsritningi byrjade, daa Kyrenius var jarl yver Syrialandet. Og alle gingo at verda ritne, kvar til sit herad.

A. Chr. Bang i «Den norske folkeskole», 1867

Anton Christian Bang (18. september 184029. desember 1913) var ein norsk biskop, kyrkjehistorikar og statsråd.

Bang vart fødd på SigerstadDønna. Her voks han opp i lag med søskenbarnet John Klæbo, og som søskenbarnet gjekk han på lærarseminaret i Tromsø, den einaste farbare utdanningsveg for ein fattiggutt som ønskte å bli prest. Han fullførte teologisk embetseksamen i 1867, og vart personellkapellan i Gran på Hadeland før han i 1872 reiste nordover for å bli kateket i Tromsø. I 1874 vart han prest ved Gaustad asyl.

Som teologistudent, eller «prestemne» som det òg vart skrive, nytta han òg landsmål. Det vart sidan rekna som eit stort tap for målreisinga og norskdomen at han gjekk over til å skrive riksmål.

I 1878 tok Bang teologisk doktorgrad, og i 1885 vart han professor i kyrkjehistorie ved Universitetet i Oslo. I 1893 vart han statsråd i regjeringa til Emil Stang. Den 25. januar 1895 vart han utnemnd til kommandør av 1. klasse av St. Olavs Orden. I 1896 vart han biskop i Kristiania Stift. Som biskop heldt han preika under kroningsseremonien i Trondhjem Domkirke hausten 1906. I 1912 fekk han Petter Dass-medaljen.

Ved fødestaden er det reist ein minnebauta over A. Chr. Bang.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Juleevangeliet, på nynorsk. I: Den norske folkeskole (1868)
  • Hans Nielsen Hauge og hans samtid. Et Tidsbillede fra omkring aar 1800 (1874)NBdigital
  • Kirken og Romerstaten indtil Constantin den store (1879)NBdigital
  • Vøluspaa og de sibyllinske Orakler (1879)
  • Julian den frafalne (1881)
  • Udsigt over den norske kirkes historie efter reformationen (1883)NBdigital
  • Udsigt over den norske kirkes historie under katholicismen (1887)}
  • Kirkehistoriske Smaastykker (1890)
  • Den norske kirkes historie i reformationsaarhundredet (1895)NBdigital
  • Den norske kirkes geistlighed i reformationsaarhundredet (1897)
  • Om Dale-Gudbrand (1897)
  • Norske hexeformularer og magiske opskrifter (190102)
  • Erindringer, sjølvbiografi (1909) (fekk kritikk p.g.a. uvørne personkarakteristikkar; desse vart mildna i 3. utgåva)NBdigital
  • Den norske kirkes historie (1912)

Vitskaplege artiklar[endre | endre wikiteksten]

  • Om Indskriften i det saakaldte Thomas Angells Kapel i Throndhjem Domkirke Historisk tidsskrift 1888 10: 252-259
  • Fremdeles om Throndhjems Domkirke Historisk tidsskrift 1890 11: 270-276
  • Axel Fredericksøns Rim Historisk tidsskrift 1898 14: 391-392
  • Kyrmesse Historisk tidsskrift 1898 14: 392
  • En bibliografisk Notits Historisk tidsskrift 1910 21: 476-478
  • En Gjenganger Historisk tidsskrift 1910 21: 478-480
  • Om Midgardsormens Prototyper Historisk tidsskrift 1882 7: 222-232

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]