Anton Hansen Tammsaare

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
A.H. Tammsaare
Huset der Anton Hansen Tammsaare vart född
Minnetavle over Anton Hansen Tammsaare i Tartu
Anton Hansen Tammsaare på den estiske 25-kroonsetelen
Baksida av den estiske 25-kroonsetelen med eit bilete av garden til Tammsaare

Anton Hansen Tammsaare (fødd 30. januar 1878 på Tammsaare i Järva maakond, død 1. mars 1940) var ein av dei viktigaste forfattarane i Estland i mellomkrigstida. Romanen hans Tõde ja õigus («Sanning og rettferd», 1926–1933) i fem delar vert sett på som eit av dei viktigaste verka i den estiske litteraturen.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Far til Anton Hansen Tammsaare var bonde og familien fattig, men dei klarte likevel å betale for skulegangen til Tammsaare. Familien var relativt godt utdanna og abonnerte på dagsaviser, noko svært få bønder i Estland gjorde på slutten av 1800-talet. Tammsaare studerte i Väike-Maarja, ved Hugo Treffner-gymnaset i Tartu og seinare ved universitetet i same by, der han studerte juss. Studia til Tammsaare vart avbrotne då han fekk tuberkulose i 1911. Han var på sanatorium i Sotsji i eitt år og budde deretter hjå bror sin i Koitjärve i seks år og las verk av Cervantes, Shakespeare og Homer.

I studietida si var Anton Hansen Tammsaare med i «Noor-Eesti», ei gruppe modernistiske forfattarar og kunstnarar som ville auke kulturutvekslinga mellom Estland og resten av Europa.

Då Estland vart sjølvstendig i 1918 flytta Tammsaare til Tallinn. Det var der han skreiv dei mest kjende verka sine. Motiva hans var estisk historie og det estiske folket. I tillegg kna ein finne tilknyting til tankar frå Henri Bergson, Carl Jung og Sigmund Freud, i tillegg til at ein har sett påverknad frå forfattarar som Knut Hamsun og André Gide i verka hans.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Dei tidlege verka til Tammsaare er prega av lyrisk, landleg realisme. Ein del av dei er også prega av dei revolusjonære stemningane frå 1905-revolusjonen i Russland. Under den såkalla «andre perioden» hans frå 1908 til 1919, skreiv han noveller og korte forteljingar frå bymiljø. I Poiss ja liblik (1915) viser Tammsaare påverknad frå Oscar Wilde.

Tõde ja õigus (1926–1933) inneheld fem bind utan eigne titlar. Det fyrste bindet har vorte sett på som det sterkaste, med ei skildring av bondelivet som minner om Knut Hamsun og som viser den estiske nasjonalkarakteren, spesielt gjennom figurane Andres og Pearu, to bønder i ein feide. Den andre delen med skildring av studentlivet i Tartu er kanskje den mest lesne i Estland i dag. Den tredje bindet inneheld ei skildring av 1905-revolusjonen i Russland gjennom eit individperpektiv på ein måte som minner om romanane til Albert Camus, snarare enn eit ideologisk perspektiv. Det vart difor ofte slått saman med den andre delen av den sovjetiske sensuren. I blant har den tredje delen vorte sett på som den kunstnarleg svakaste delen, sjølv om skildringa av revolusjonen har vorte jamførd med Boris Pasternak i Doktor Zjivago. Tammsaare sjølv meinte seinare at dei fem binda skildra høvesvis korleis menneska forheldt seg til landet sitt, til Gud, til samfunnet, til seg sjølv og mennesket si oppgjeving.

Heile Tõde ja õigus er omsett til tysk, og det fyrste bindet til fransk, finsk og polsk, men meir lesen utanfor Estland vart den siste romanen til Tammsaares, Põrgupõhja uus Vanapagan.

Utvalde verk[endre | endre wikiteksten]

  • Kaks paari ja üksainus, 1902
  • Vanad ja noored, 1903
  • Raha-auk, 1907
  • Uurimisel, 1907
  • Pikad sammud, 1908
  • Üle piiri, 1910
  • Noored hinged, 1909
  • Poiss ja liblik, 1915
  • Keelest ja luulest, 1915
  • Kärbes, 1917
  • Varjundid, 1917
  • Sõjamõtted, 1919
  • Juudit, 1921
  • Kõrboja peremees, 1922
  • Pöialpoiss, 1923
  • Sic Transit, 1924
  • Tõde ja õigus I–V, 1926-33
  • Meie rebane, 1932
  • Elu ja armastus, 1934
  • Ma armastasin sakslast, 1935
  • Kuningal on külm, 1936
  • Hiina ja hiinlane, 1938
  • Põrgupõhja uus Vanapagan, 1939
  • Miniatures, 1977
  • Kogutud teosed, 1977–1993 (18 bind) – samla verk

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]