Anton Raphael Mengs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, 1773
Persevs friar Andromeda, 1773-76

Anton Raphael Mengs (12. mars 172829. juni 1779) var ein tysk målar og kunstteoretikar, aktiv under nyklassisismen. Han var fødd i byen Aussig, dagens Ústí nad Labem, i det dåverande kurfyrstedømmet Sachsen. Mengs var mykje etterspurd som målar av religiøse og historiske motiv og som portrettmålar. Størstedelen av livet arbeidde han enten i Roma eller ved det spanske hoffet.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Mengs gjekk i lære hos faren, den dansk-saksiske miniatyrmålaren Ismael Mengs i Dresden. Åra 1741-44 var far og son i Roma, der dei studerte den antikke kunsten. Etter han vende heim til Dresden vart Mengs utnemnd til hoffmålar.

I 1749 vart han utnemnd til kurfyrst Fredrik August II sin førstemålar, men kom til å opphalde seg lengre tid i Roma enn i Dresden. Mengs høyrde til krinsen rundt Winckelmann og vann internasjonalt ry som målar.

Mengs konverterte i Roma til katolisismen, og Vatikanet utpeika han i 1754 til leiar for kunstnarskulen sin. Han heldt seg for det meste i pavebyen, trass i at han i to tilfelle lydde når Karl III av Spania kravde at han skulle kome til Madrid. I Madrid laga Mengs nokre av dei beste verka sine, til dømes Persevs friar Andromeda (1773-76). Då han så reiste tilbake til Roma i 1777, var han heilt ruinert og døydde i små kår i 1779.

Som kunstteoretikar var Mengs eklektikar, og ville kombinere antikk gresk stil med Rafaels uttrykk, Correggios chiaroscuro og Tizians fargeskala.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Anton Raphael Mengs

Kjelder[endre | endre wikiteksten]