Anton Reicha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anton Reicha

Anton Reicha frå 1815 av M.F. Dien
Fødd26. februar 1770
FødestadPraha
Død28. mai 1836 (66 år)
DødsstadParis
OpphavKongeriket Böhmen, Frankrike
PeriodeWienerklassisismen
Aktiv1800-1826
SjangerKammermusikk
Verka somKomponist, teoretikar
PrisarÆreslegionen

Anton (Antonín, Antoine) Reicha (Rejcha) (26. februar 177028. mai 1836) var ein tsjekkiskfødd, seinare fransk komponist. Han levde samstundes med og var ein langvarig ven av Beethoven. Reicha er i dag mest kjend for dei tidlege komposisjonane for blåsekvintett og rolla si som lærar. Av elevane hans finn ein Franz Liszt og Hector Berlioz. Reicha var òg ein dugande musikkteoretikar og skreiv fleire avhandlingar om forskjellige sider av komposisjon.

Reicha var fødd i Praha som son av ein feiar. Faren døydde då Reicha var berre 10 månader gammal og mora var uinteressert i utdanninga til sonen. 10 år gammal rømde den unge guten heimefrå, og fekk så bu hos onkelen Josef Reicha, som gav han utdanning i musikk. Då familien flytte til Bonn, sikra Josef ein plass for nevøen i Hofkapelle, men for Reicha var ikkje dette nok. Han studerte komposisjon i løyndom, mot ønska til onkelen, og gjekk inn på Universitetet i Bonn i 1789. Då Bonn vart erobra av franskmennene i 1794, flykta Reicha til Hamburg, der han arbeidde som lærar i harmoni og komposisjon, og studerte matematikk og filosofi. Mellom 1799 og 1801 budde han i Paris og prøvde å verte kjend som operakomponist, utan suksess. I 1801 flytta han til Wien, der han studerte med Salieri og Albrechtsberger og skreiv sine første viktige verk. Livet hans vart igjen råka av krig i 1808, då han måtte forlate Wien. Reicha slo seg ned i Paris, der han budde resten av livet og vart lærar i komponering. I 1818 vart han professor ved Conservatoire.

I Wien skreiv Reicha ein halv-didaktisk syklus som 36 fuger for piano, L'art de varier (ei samling 57 variasjonar kring eit originalt tema), og øvingar for avhandlinga Practische Beispiele. I Paris fokuserte han derimot hovudsakleg på teori og produserte fleire avhandlingar om komponering. I denne perioden skreiv han mellom anna om lag 25 blåsekvintettar, somme av dei tidlegaste viktige musikkverka for blåseinstrument.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Anton Reicha