Anton Webern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anton Webern

Statsborgarskap Austerrike
Fødd 3. desember 1883
Wien
Død

15. september 1945 (61 år)
Mittersill

Yrke klassisk komponist, dirigent, musikar, komponist
Språk tysk
Medlem av den andre wienerskulen
Nettstad http://www.antonwebern.com
Anton Webern på Commons


Anton Friedrich Wilhelm von Webern, betre kjend som Anton Webern (3. desember 188315. september 1945) var ein austerriksk komponist, og representant for den andre wienerskulen.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Anton von Webern vart fødd i Wien, Austerrike-Ungarn i 1919. Far hans var bergverksingeniør og kom frå ein gamal adelsfamilie. Anton var einaste sonen hans som voks opp. Familien budde både i Klagenfurt og Graz. Mora spelte piano og hadde god songstemme, og underviste den unge Anton von Webern i musikk. I tillegg fekk han teoriundervisning i komposisjon og cellotimar.

Frå 1902-1906 studerte Anton von Webern musikkvitskap ved Universitetet i Wien. I åra 1904-1908 fekk han musikkundervisning av Arnold Schönberg. Slik møtte han komponisten Alban Berg, som var elev av Schönberg samtidig med Webern. Webern tok også ymse direksjonsstillingar i fleire teater rundt i Austerrike-Ungarn, før han vendte att til Wien i 1920. Grunna reformene i Austerrike etter fyrste verdskrigen måtte han leggja frå seg adelsnamnet i 1919, og heitte no berre Anton Webern. I 1920- og 1930-åra var han ein av dei leiande komponistane i Wien, og også i Austerrike.

I sluttfasen av andre verdskrigen flykta Anton Webern frå den raude arméen til Mittersill. Her vart han uaktsamt drepen av ein USA-amerikansk soldat den 15. september 1945.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Dei tidlegaste verka hans Webern, frå byrjinga av 1900-talet, høyrer enno til i seinromantikken. Ein lang periode etter dette komponerte Anton Webern atonale verk innanfor ekspresjonismen. Til slutt slutta han seg til Schönberg sin tolvtonemusikk, og var også den fyrste som skreiv reint instrumental tolvtonemusikk. Musikken hans Webern var også til inspirasjon for serialistane i ettertid.

Nokre verk[endre | endre wikiteksten]

  • Passacaglia (1908)
  • Sechs Stücke (1910)
  • Fünf Stücke (1911–13)
  • Variationen (1940)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]