Antonello da Messina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Antonello da Messina

Statsborgarskap Kongedømet Sicilia
Fødd 1430
Messina
Død

1479 (49 år)
Venezia, Messina

Yrke kunstmålar
Far Giovanni Di Michele Degli Antoni
Antonello da Messina på Commons

Antonio di Giovanni de Antonio (ca. 1430februar 1479), betre kjend som Antonello da Messina, var ein italiensk målar under ungrenessansen. Han var både fødd og døydde i Messina, og for det meste aktiv på Sicilia. I si levetid var Antonello ein mykje omtykt målar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Marias bodskap, 1475
Den heilage Hieronymus i sitt studierom, ca. 1473-74

Antonio de Antonio var son til steinhoggaren Giovanni de Antonio frå Messina. Berre lite er kjent om livet hans, men ein veit at han rundt 1450 var i Napoli og truleg gjekk i lære hos Niccolo Colantonio. Ein går utifrå at Antonello da Messina i det minste hadde sett verk av Rogier van der Weyden eller Jan van Eyck i Italia. Utifrå denne kjennskapen har han intuitivt utvikla ein heilt særeigen teknikk for oljemåling på lerret. Han lærte seg Eycks måte å bruke oljefargar og oppnådde ein kjenslemessig syntese mellom den nordlege stilen og den italienske. Då Antonello arbeidde i Venezia i 1475, overførte han denne kunnskapen til Giovanni Bellini. Slik kom han til å ha stor innverknad på utviklinga av den venetianske målarskulen.

Antonello og familien hans oppheldt seg 1460 i Amantea i Calabria og var før 1465 og seinare i 1473-74 i Messina. Perioden 1474-76 heldt hans seg sannsynlegvis i Venezia, der han i den fyrste tida arbeidde på altartavla i San Cassiano. Takk vere sin nye målarstil vart han snøgt vide kjend som portrettmålar og hadde nær kontakt med Giovanni Bellini og Vittore Carpaccio. Eit fleirtal av verka til Antonello stammar frå denne korte skapingsperioden i lagunebyen.

I måleriet Marias bodskap, kanskje Sicilias mest berømte, brukte Antonello da Messina eit redusert fargespektrum. Geometrien i verket tyder på at han hadde studert Piero della Francesca sitt formspråk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]