Antoni Grabowski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Antoni Grabowski (11. juni 18574. juli 1921) var ein polsk kjemikar og esperanto-aktivist, kjend som den store pioneren innan diktarkunst på språket.

Utdanning og yrkeskarriere[endre | endre wikiteksten]

Grabowski var fødd i Nowe Dobre ved Chełmno i Kulmerland, i det som no er det nordlege Polen, men han voks opp i Toruń, heimbyen til Kopernikus. Sjølv om han var nøydd til å ta seg arbeid straks etter endt grunnskule av di familien var svært fattig, studerte han på fritida og kom seg etter kvart inn på Kopernikus-gymnaset i Toruń, der han synte seg å overgå jamaldringane sine i så stor grad at han to gonger vart flytta opp ein klasse.

I 1879 var familien sin økonomi blitt sopass bra at Antoni kunne byrja på universitetet i Wrocław. Der studerte han filosofi og naturvitskap og tok ingeniøreksamen. Sidan spesialiserte han seg på kjemi gjennom ingeniørarbeid hjå ymse firma, før han vart leiar for ein tekstilfabrikk i den russiske byen Ivanovo-Voznesensk (no Ivanovo).

Grabowski heldt fram med å forska på kjemiske problemstillingar, og han publiserte mange fagartiklar i tidsskrifta Chemik Polski og Przegląd Techniczny. Han lanserte fleire oppfinningar og teknologiske forbetringar, noko som gjorde namnet hans kjend blant kjemiekspertar over heile Europa.

Etter å ha omsett eit viktig verk om kjemi frå engelsk til polsk, vart Grabowski plukka ut til å vera med i kommisjonen som skulle utarbeida ein teknisk terminologi på polsk, og i 1906 gav han ut Słownik chemiczny, den første polske kjemiordboka.

Språk- og litteraturinteresse[endre | endre wikiteksten]

Grabowski var ein polyglott — han kunne gjera seg forstått på om lag 30 språk. Han hadde utvikla ein omfattande interesse for litteratur, og han var m.a. medlem av Det slaviske litteraturlaget (Towarzystwo Literacko-Słowianskie).

Som den språkelskaren han var, tok han straks til å interessera seg for esperanto då han kom over Unua Libro (den første lanseringa av språket) i 1887, og han var den første til å snakka esperanto med grunnleggjaren av språket, L.L. Zamenhof. Denne konversasjonen vart eit vendepunkt for Grabowski, og for resten av livet var esperanto hovudinteressa hans. Han var lenge president for det polske esperantolaget, som han var med og starta i 1904, og han leia grammatikkseksjonen av det internasjonale Esperantoakademiet frå 1908 til 1924.

I 1908 vart han den første som heldt esperantokurs på skular i Warszawa, og allereie same året skreiv han ein artikkel om den propedeutiske verdien av esperanto, der han synte med konkrete døme kor mykje lettare det vart for polske elevar å læra seg latin og fransk dersom dei først byrja med det regelbundne og langt meir lettlærte esperanto.

Grabowski såg at esperanto ikkje kunne veksa seg stort før det fanst litteratur på språket, og han bestemte seg difor for sjølv å gjera ein innsats på dette området. Han byrja med å omsetja litterære verk som Snøstormen av Aleksandr Pusjkin (på esperanto La neĝa blovado, 1888) og Die Geschwister av Goethe (La gefratoj, 1889), og heldt fram i ei årrekkje med både eiga dikting på språket og omsetjing av litteratur til det. Antologien El Parnaso de Popoloj, til dømes, som kom i 1913, er ei samling av 116 dikt, som til saman representerer 30 ulike språk og kulturar. Seks av dikta er skrivne originalt på esperanto, 110 er omsette. På dette viset bidrog Grabowski sterkt til å gjera esperanto til eit litteraturspråk.

Under Den første verdskrigen budde han åleine i Warszawa, då familien hadde flykta til Russland. Trass i at han var både sjuk og fattig, brukte han denne tida til å omsetja det polsk-patriotiske eposet Pan Taddeusz (Herr Taddeus) av Adam Mickiewicz til esperanto, ei omsetjing som tydeleggjorde eit latent potensial i planspråket og gav viktige impulsar som skulle koma til å forma esperantopoesien i åra som følgde.

Antoni Grabowski døydde i Warszawa av eit hjarteanfall då han var 64 år gamal.