Antonin Artaud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Antonin Artaud

Antonin Artaud (fødd 4. september 1896 i Marseille, Frankrike, død 4. mars 1948) var ein fransk dramatikar, poet, skodespelar og teaterregissør.

Mor til Artaud sette til verda ni barn, men berre Antonin og ei syster voks opp. Då han var fire år gammal, hadde Artaud eit alvorleg tilfelle av hjernehinnebetennelse, som gav han eit nervøst og irritabelt temperament som varte gjennom heile ungdomstida. Han leid også av nevralgi, stamming og alvorlege anfall av klinisk depresjon, som blei behandla med opium. Dette gjorde han avhenging av narkotiske stoff livet ut.

Foreldra sørgde for ei lang rekkje sanatoriumsopphald for den temperamentsfulle sonen. Desse blei både langvarige og kostbare. Opphalda varte i fem år, med ein pause på to månader i juni og juli 1916 då Artaud var innkalla til verneplikt i den franske hæren under fyrste verdskrigen. Han skal ha blitt dimmitert på grunn av søvngjengeri. I mars 1920 flytta Artaud til Paris for å begynna på ein karriere som forfattar, og i staden oppdaga han at han hadde eit talent for avant-garde teater.

I ein alder av 27 år sendte han fleire dikt til tidsskriftet La Nouvelle Revue Française, men blei avvist. Det mest kjente verket hans, Le Théâtre et son double, kom i 1938. I januar 1948 blei Artaud diagnostisert med tarmkreft. Han døydde kort tid etterpå, den 4. mars 1948, åleine på ein psykiatrisk klinikk, sitjande på senga si, mens han heldt den venstre skoen sin i handa. Det var mistanke om at han døydde av ein overdose av stoffet kloralhydrat.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]