Antonio Cabrini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cabrini i 2008

Antonio Cabrini (fødd 8. oktober 1957) er ein italiensk, tidlegare fotballspelar frå Cremona i Italia. Han spela venstreback på Italia sitt vinnarlag i VM i fotball 1982. Cabrini spela 13 sesongar for Juventus, og var med på å vinne alle dei tre europeiske fotballturneringane, samt seks seriemeisterskap og to cupmeisterskap i Italia.

Sidan juni 2012 er han landslagstrenar for Italia sitt kvinnelandslag i fotball.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Cabrini debuterte for den italienske tredjenivå-klubben Cremonese i 1973/74-sesongen. Sommaren 1975 fekk han proffkontrakt med Serie B-klubben Atalanta i Bergamo, der han spela ein sesong. Sommaren 1976 gjekk Cabrini over til toppklubben Juventus. Dei neste tretten sesongane spela han 297 kampar og skåra 33 mål for klubben frå Torino. Han var med å vinne det som var av viktige turneringar; den italienske Serie A seks gongar mellom 1977 og 1986, UEFA-cupen 1977, den italienske fotballcupen to gongar, Cupvinnarcupen 1984 og Europacupen 1985. Sommaren 1989 vart han overført til Bologna, der han spela to sesongar før han la opp i 1991.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Cabrini debuterte på Italia sitt landslag i laget sin opningskamp under VM i fotball 1978 i Argentina, mot Frankrike. Dei neste ni åra var han fast på venstrebackplassen til Italia. VM 1978 enda med Italia på fjerdeplassen, etter tap mot Brasil i bronsekampen. Ny bronsefinale vart det under EM i fotball 1980 på heimebane, med Tsjekkoslovakia som motstandar. Atter vart det italiensk tap, no 8-9 etter straffeskyting.

I VM i fotball 1982 i Spania spela Italia seg fram til finalen, der laget møtte Vest-Tyskland. Midtvegs i fyrste omgangen fekk Italia straffespark, på stillinga 0-0. Cabrini tok straffa, og bomma, han vart då den fyrste straffeeksekutøren som missa på eit straffespark i ein VM-finale. Italia vann likevel finalen med resultatet 3-1.

VM i fotball 1986 vart Cabrini si siste store turnering. Italia rauk ut i åttedelsfinalen etter 0-2 mot Frankrike. Cabrini spela sin 73. og siste landskamp for det italienske landslaget i oktober 1987 i ein EM-kvalfiseringskamp mot Sveits. Han skåra i alt ni landslagsmål, noko som den gongen var rekord for ein italiensk forsvarsspelar.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • VM-gull 1982 for Italia
  • Vinnar av Europacupen 1985 med Juventus
  • Vinnar av Cupvinnarcupen 1984 med Juventus
  • Vinnar av UEFA-cupen 1977 med Juventus
  • Italiensk seriemeister 1977, 1978, 1981, 1982, 1984 og 1986 med Juventus
  • Italiensk cupmeister 1979 og 1983 med Juventus

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Antonio Cabrini

Antonio CabriniFIFA si offisielle heimeside

Kjelder[endre | endre wikiteksten]