Antonio Saca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Antonio Saca

Elías Antonio «Tony» Saca González (fødd 9. mars 1965) er ein salvadoransk politikar som var president i El Salvador frå 2004 til 2009.

Han vart valt til president i El Salvador 21. mars 2004 og overtok embetet 1. juni 2004. Han overtok presidentstolen etter den tidlegare presidenten Francisco Flores. Både Saca og Flores er medlem av den konservative nasjonalrepublikanske alliansen, kjend under forkortinga ARENA (sp. Alianza Republicana Nacionalista, forkortinga har si eiga tyding på spansk kor ordet 'arena' tyder 'sand' på norsk).

Saca er av palestinsk opphav frå ein familie av palestinske innvandrarar som kom til El Salvador tidleg på 1900-talet. I tillegg til dei politiske aktivitetane er han ein framståande forretningsmann og TV-journalist, spesielt innanfor sportsjournalistikk.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!