Antonio Gaztañeta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Antonio de Gaztaneta)
Antonio Gaztañeta

Statsborgarskap Spania
Fødd 11. august 1656
Motrico
Død

5. februar 1728 (71 år)
Madrid

Yrke skribent, militær
Språk spansk, Baskisk
Antonio Gaztañeta på Commons

Don José Antonio Castañeta eller José Antonio de Gaztañeta (16565. februar 1728) var ein baskisk-spansk viseadmiral og skipsbyggar.

Han er mest kjend som viseadmiralen som kommandert den spanske middelhavsflåten i slaget ved Kapp Passaro mot Storbritannia den 11. august 1718 utanfor kysten av Sicilia. Castañeta tapte slaget.

Det største bidraget sitt til den spanske marinen var derimot som skipsbyggar. Han var ein oppfinnar som baserte utforminga av skipa sine på vitskap. Han var opphavet til reformeringa av den spanske marinen på 1700-talet. Somme av elementa hans vart òg kopiert av britane og nederlendarane.

Under den spanske arvefølgjekrigen (1701–1714) var han ikkje involvert i krigføring, men bygde skip. Han grunnla det kjende skipsverftet El Astillero. I den påfølgjande kvadrupelalliansekrigen vart han leiar for flåten som segla den spanske armeen under markien av Lede til Sardinia og Sicilia, der han altså tapte slaget ved Kapp Passaro. Han vart skadd i ein fot og teken til fange av britane. Han vart sleppt fri ganske raskt og fekk ikkje skulda for nederlaget då han kom attende til Spania, sidan slaget vart rekna som ei svikefull handling av britane.

Han vart forfremma til generalløytnant i 1720 og vart leiar for den spanske sølvflåten. Under den engelske-spanske krigen i 1727 fekk han hemn då han sneik ein flåte med verdiar for 31 millionar pesos ombord forbi den britiske blokaden av Porto Bello. Då han nådde fram til Spania gav kong Filip V av Spania han store verdiar, men kort tid etter døydde brått Gaztañeta den 5. februar 1728.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]