Antonius den store

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den heilage Antonius, måla av Piero di Cosimo på slutten av 1400-talet.

Den heilage Antonius den Store (levde ca. 251-356), óg kjend som Antonius Abbeden eller Eremitten, var ein kristen eremitt som levde i den egyptiske ørkenen som leiar for ørkenfedrane.

Livsskildringa hans, vita, er vidkjend. Her vert det skildra korleis Antonius stadig møtte freistingar som god mat og vakre kvinner, men stod imot for å vera nær Gud.

Antonius slåst mot demonane, koparstikk av Martin Schongauer frå 1400-talet.

Sidan blir det fortald at han blei overfallen av vonde ånder og demonar som drap han. Då han skulle gravleggjast vakna han til live igjen, og med eitt viste Jesus seg, og alle såra hans blei lækte.

Antonius har festdag 17. januar i fleire kyrkjer, men er feira den 22. tobi (31. januar) av den koptiske kyrkja i Egypt.

Eremitten er vernehelgen for husdyr, bønder, dyrepassarar, slaktarar, riddarar, konditorar, gravarar, klokkarar, spritfabrikantar og brennevinshandlarar, korgmakarar, vevarar og børstebindarar. Han vernar mot epidemiar som pest og andre sjukdommar, særleg lepra og syfilis, mot dyresjukdommar, og mot brann.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Antonius den store

Kjelder[endre | endre wikiteksten]