Antony Gormley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Del av kunstverket Another Place

Antony Gormley (fødd 30. august 1950) i London) er ein engelsk kunstnar.

Gormley studerte ved Ampleforth College og Trinity College i Cambridge fram til 1971, då han drog til India og Sri Lanka for å studera buddhismen. Tilbake i England i 1974 fullførte han studia sine ved ulike institusjonar i London.

Kunstnaren tek som oftast utgangspunkt i menneskekroppen, gjerne sin eigen, som han omformar til skulpturar ved hjelp av metallformer. Verka hans er i regelen reinska for individuelle kjenneteikn, og formene er ofte reproduserte fleire gonger.

I 1994 vann Gormley den prestisjefylte britiske Turnerprisen for Field for the British Isles.

Kjende kunstverk[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er Gormley mest kjend for å ha sett opp ei rekke rustne avstøypingar av seg sjølve på Solastranda ved Stavanger lufthamn, Sola, kunstverket gav han tittelen Another Place, 'Ein annan stad'. Installasjonen har og vore sett opp i Tyskland, Belgia og England.

Kunstverket Broken Column - avbroten søyle er sett opp på utvalde stadar i Stavanger sentrum. 23 like, sandblåste jernavstøypingar av kroppen til Gormley er sett opp frå hamna og opp til Rogaland Kunstmuseum ved Mosvatnet. Ved Akershus festning i Oslo er det sett opp eit kunstverk av Gormley til minne om dei norske jødane som vart sendt til konsentrasjonsleirar i Tyskland under den andre verdskrigen.

Quantum Cloud i London.

I Storbritannia er han mest kjend som kunstnaren bak skulpturen Angel of the North (engelen frå nord). Skulpturen er plassert utandørs i landskapet ved Gateshead nord i England. Stålskulpturen Quantum Cloud i London, med ei høgd på 30 meter, har og fått merksemd.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Antony Gormley