Antti Aarne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Antti Amatus Aarne

Antti Amatus Aarne (5. desember 18672. februar 1925) var ein finsk folklorist og eventyrforskar. Aarne studerte under Julius Krohn og son hans, Kaarle Krohn, og var professor i Helsinki frå 1922.

Aarne skapte den fyrste versjonen av det internasjonale typeregisteret for folkeeventyr, som kom ut i 1910. I dag heiter det Aarne–Thompson-klassifiseringssystemet (etter at det kom i nye, utvida utgåver av amerikanaren Stith Thompson i 1928 og 1961) og er ein føresetnad for samanliknande eventyrstudium.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]