Any Day Now av Chuck Jackson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Any Day Now»
Låtskrivar Burt Bacharach, Bob Hilliard
Skriven 1962
Innspelt av Chuck Jackson, Alan Price, Elvis Presley, Ronnie Milsap

«Any Day Now» er ein popsong skriven av Burt Bacharach og Bob Hilliard i 1962. Han har vorte spelt inn av mange artistar gjennom åra, som Chuck Jackson i 1962, Alan Price i 1965, Elvis Presley i 1969, og Ronnie Milsap i 1982.

Chuck Jackson[endre | endre wikiteksten]

Jackson, ein R&B-songar fødd i Sør-Carolina i 1937, spelte inn den første versjonen av songen som vart ein hit på Billboard Hot 100. Han nådde 23. plassen i 1962 med tittelen «Any Day Now (My Wild Beautiful Bird)» og låg seks veker inne på Topp 40. Versjonen til Jackson vart gjeven ut på albumet hans, Any Day Now. Songen vart den største hitten til Jackson og nådde òg låg òg tre veker på andreplassen på Hot Black Sides-lista.[1]

Elvis Presley[endre | endre wikiteksten]

Presley spelte inn ein versjon av «Any Day Now» den 21. februar 1969 i American Sound studios i Memphis, Tennessee. Denne versjonen vart gjeven ut på albumet From Elvis in Memphis. Songen vart ikkje gjeven ut som singel, men finst på B-sida til hitten «In the Ghetto», frå same albumet. Denne singelen nådde tredjeplassen i USA.

Ronnie Milsap[endre | endre wikiteksten]

Any Day Now
Singel av Ronnie Milsap
frå albumet Inside
Utgjeve April 1982
Innspelt 1981
Sjanger Country, pop
Lengd 3:42
Selskap RCA
Komponist Burt Bacharach
Låtskrivar(ar) Burt Bacharach og Bob Hilliard
Produsent Tom Collins og Ronnie Milsap
Ronnie Milsap-kronologi 
«I Wouldn't Have Missed It for the World»
(1981)
Any Day Now «He Got You»
(1982)


Milsap, ein populær country/popartist, spelt inn den mest kjende versjonen av songen. Han var den første singelen frå albumet Inside i 1982, og nådde 14. plass på Billboard Hot 100-lista og låg ni veker på Topp 40. I tillegg gjekk songen til topps på både Billboard Hot Country Singles-lista (ei veke) og Hot Adult Contemporary Singles-lista (fem veker). Han nådde òg førsteplassen på dei tilsvarande kanadiske listene.

Produsenten til Milsap, Tom Collins, oppfordra Milsap til å gjere songen annleis enn originalen frå Chuck Jackson. Milsap spelte han derfor i ein annan toneart og song han meir varsamt.[2]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1982) Plassering
U.S. Billboard Hot Country Singles 1
U.S. Billboard Hot 100 14
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 1
Kanadiske RPM Country Tracks 1
Australian Kent Music Report[3] 96
Kanadiske RPM Adult Contemporary Tracks[4] 1
1982-lister Plassering
U.S. Billboard Hot Country Singles[5] 37
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks[5] 1
U.S. Billboard Hot 100[5] 83
U.S. Cashbox Top 100[6] 95

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Songen vart kjenningsmelodien til det amerikanske fjernsynsdramaet med same namn som gjekk på kabelkanalen Lifetime, med Annie Potts og Lorraine Toussaint. Verset i songen vart sungen av Lori Perry.
  • Bill Medley spelte inn songen i 1969 på albumet Soft and Soulful.
  • Scott Walker gav ut eit album kalla Any Day Now i 1973, med denne songen som opningssongen.
  • Countrysongaren Don Gibson gav òg ut ein versjon av «Any Day Now», so nådde Topp 40 på Billboard country-lista i 1979.
  • Songaren Percy Sledge spelte inn «Any Day Now» i 1969, og denne versjonen nådde 35. plass på Billboard R&B-lista og 86. plass på Hot 100.[7]
  • Luther Vandross spelte inn «Any Day Now» i 2001 på albumet Luther Vandross. Vandross-versjonen vart i 2003 nominert til ein Grammy award i kategorien beste tradisjonelle R&B-song.
  • James Brown spelte inn ein versjon av «Any Day Now» i 1969 på album It's a Mother.
  • Carla Thomas spelte ein versjon av «Any Day Now» i 1967 på albumet The Queen Alone.
  • Ein italiensk versjon av songen - kalla «Bambolina» - vart gjeven ut i 60-åra av fleire grupper og sonarar, kanskje mest kjend med I Corvi (1967) og Mal Ryder - a.k.a. Mal dei Primitives - (1968)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 281. 
  2. Rich, Kienzle (2004). Plateomslagstekst for Ultimate Ronnie Milsap av Ronnie Milsap [CD booklet]. RCA Records (82876).
  3. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  4. «Library and Archives Canada». RPM Weekly. 10. juli 1982. Henta 27. juli 2012. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Billboard. «Ronnie Milsap - Any Day Now». billboard.com. Arkivert frå originalen 20. oktober 2006. Henta 11. april 2012. 
  6. «Cashbox Countdowns». Year-End Charts 1982. 25. desember 1982. Henta 27. juli 2012. 
  7. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 533. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]