Any Day Now av Scott Walker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Any Day Now
Studioalbum av Scott Walker
Språk engelsk
Utgjeve Mai 1973[1]
Innspelt 1973
Sjanger Pop, Easy Listening
Lengd 37:34
Selskap Philips
Produsent John Franz
Scott Walker-kronologi 
The Moviegoer
(1972)
Any Day Now Stretch
(1973)


Any Day Now er det åttande studioalbumet til den amerikanske songaren Scott Walker. Det kom ut i mai 1973, men selde dårleg. «The Me I Never Knew» vart gjeven ut som den einaste singelen frå albumet med opningssporet frå The Moviegoer, «This Way Mary», som B-sida. Albumet var òg det siste studioalbumet Walker gav ut på Philips Records og han signerte sidan kontrakt med CBS Records (no Columbia).

Tilgjenge[endre | endre wikiteksten]

Any Day Now er vanskeleg å få tak i, sidan ein trur Walker var misnøgd med albuma sine frå denne perioden, som han i dokumentaren Scott Walker: 30 Century Man kallar «villmarksåra». Walker har stogga alle CD-utgjevingar av Any Day Now, Scott: Scott Walker Sings Songs from his TV Series (1969) og The Moviegoer (1972).[2]

Trass i at albumet er sletta frå katalogen, er kring halvparten av songane gjevne ut på samleplatene The Collection og Classics & Collectibles (2005). «The Me I Never Knew», «We Could Be Flying», «Do I Love You?», «When You Get Right Down to It», «Cowboy» og «All My Love's Laughter» finst på Classics & Collectibles, medan «Any Day Now» finst på The Collection. «If Ships Were Made To Sail» finst på ei samling av songar skrivne av Jimmy Webb kalla "And Someone Left The Cake Out In The Rain (1998). «Maria Bethania», «If» og «Ain't No Sunshine» er aldri gjevne ut på nytt.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 stars[3]

Som med dei andre platene til Walker i 1970-åra, fekk Any Day Now dårleg kritikk då ho kom ut, men har sidan vorte sett i eit meir positivt lys.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Any Day Now»Bob Hilliard, Burt Bacharach3:33
2.«All My Love's Laughter»Jimmy Webb4:05
3.«Do I Love You?»Albert Pelay, Alain le Govic, Yves Dessca, Maxime Piolot, Paul Anka2:53
4.«Maria Bethania»Caetano Veloso4:57
5.«Cowboy»Randy Newman2:30
6.«When You Get Right Down to It»Barry Mann2:59
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«If»David Gates3:16
8.«Ain't No Sunshine»Bill Withers2:45
9.«The Me I Never Knew»Don Black, John Barry3:39
10.«If Ships Were Made to Sail»Jimmy Webb2:37
11.«We Could Be Flying»Michel Colombier, Paul Williams4:20

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Scott Walker - vokal
  • Peter Knight - arrangement, dirigent
  • Robert Cornford - arrangement, dirigent på spor A4, A6, B1, B5
  • John Franz - produsent
  • Peter J. Olliff - lydteknikar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Watkinson, Mike; Anderson, Pete (1994). Scott Walker - A Deep Shade Of Blue (1st utg.). London: Virgin Books. s. 169. ISBN 1 85227 482 4. 
  2. Williams, Lewis (2006). Scott Walker - The Rhymes of Goodbye (1st utg.). London: Plexus. s. 105. ISBN 0-85965-395-1. 
  3. Allmusic review