Anyang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frå midtbyen i Anyang
Plasseringa av Anyang-prefekturet i Henan

Anyang (kinesisk: 安阳市, pinyin: Ānyáng shì; det historiske Yin, også kalla Yinxu) er eit byprefektur nord i provinsen Henan i det sentrale Kina. Byprefekturet har eit areal på 7 355 km² og hadde knapt 5,2 millionar ibuarar i 2010. Anyang grensar i nord til provinsen Hebei og i vest til provinsen Shanxi.

Byprefekturet Anyang omfattar fire bydistrikt (区 ), eitt byfylke (市 shì) og fire fylke (县 xiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Anyang ligg i eit område med omfatting dyrking av bomull. Byprefekturet er elles eit jordbruks- og handelssenter med tekstilindustri, kolgruver og jarn- og stålverk.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Jingguangbanen, toglinja mellom Beijing i nord og Guangzhou i sør, har stoppestad her. Denne sterkt trafikkerte jarnbanelinja er også innom mellom andre Baoding, Shijiazhuang, Handan, Anyang, Zhengzhou, Wuhan, Changsha og Shaoguan.

Kinas riksveg 107 går gjennom området. Han fører frå Beijing til Shenzhen og er innom provinshovudstadene Shijiazhuang, Zhengzhou, Wuhan, Changsha og Guangzhou.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen Yin var dei siste hundreåra av Shang-dynastiet, den såkalla Anyang-perioden (ca. 1554 til ca.1045 f.Kr.), Kinas hovudstad, og var eit av den kinesiske sivilisasjons tidlege sentra. Truleg var Yin eit sentrum også i det førutgåande Xia-dynastiet.

Det skal ha vore Shang-kongen Pan Geng som gjorde staden til sin residensby. Sjølv om Shang-herskarane frå tid til annan flytta hovudstad, vart Yin verande sentrum for det åndelege universet deira. Tolv kongar regjerte frå Yin i løpet av ei åtte generasjonar lang periode. Byen vart øydelagt under det påfylgjande Zhou-dynastiets fyrste konge, krigarkongen Wu Wang på 1000-talet f.Kr.

Dagens by vart grunnlagt i 1368 e.Kr., under Ming-dynastiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]