Anyon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit anyon er ein partikkel i to dimensjonar med vilkårleg (fraksjonell) kvantestatistikk. I tre dimensjonar kan elementærpartiklar, og partiklar som er bygd opp av slike, delast inn i fermion og boson.

I 1977 viste dei norske fysikarane Jon Magne Leinaas og Jan Myrheim at partikler som rører seg i to dimensjoner, til dømes eit plan, kan ha ein meir generell kvantestatistikk, der fermion og boson er spesialtilfelle.

Det er stor semje om at kvante-hall-effekten kan forklarast ved hjelp av eksitasjonar (kvasipartiklar) som er anyonar. Ein har òg spekulert i om anyonar kan forklare superleiing ved temperaturer omkring til dømes 100 grader over det absolutte nullpunktet, men dette er det foreløpig ikkje haldepunkt for.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]