Aortastenose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Aortastenose er ein hjartesjukdom kor utløpet frå venstre hjartekammer er forsnevra. Mellom 5 og 6 % av medfødde hjartefeil er aortastenosar. Den vanlegaste (75 til 80%) forma er valvulær stenose, kor sjølve aortaklaffen er misdanna. Forsnevringa kan òg sitte før (subvalvulært) eller etter (supravalvulært) klaffen.

Aortastenose kan òg vera ein degenerativ sjukdom hos vaksne, på ein i utgangspunktet frisk klaff. Han kan dessutan vekse fram på klaffar som har ein liten feil.

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.