Aosta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aosta
Byvåpenet til Aosta
Byvåpenet til Aosta


Plassering
Aosta is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Italia Italia
Valle d'Aosta
Borgarmeister Guido Grimod
Geografi
Flatevidd
 - By

21 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

34 270
  1616/km²
Koordinatar 45°44′″N 7°19′″EKoordinatar: 45°44′″N 7°19′″E
Høgd over havet 583 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 11100
Telefon-retningsnummer 0165
Nettstad: www.comune.aosta.it

Aosta (fransk Aoste) er ein by i Italia. Han ligg i regionen Valle d'Aosta (Aostadalen) og har om lag 35 000 innbyggjarar. Byen er ein tospråkleg by som ligg i dei italienske Alpane, om lag 110 km nordvest for Torino. Han ligg nær den italienske enden av Mont Blanc-tunnellen der elvane Buthier og Dora Baltea renn saman, og staden der fjellovergangane i det Store St. Bernhard-passet kjem ned. Aosta er ikkje hovudstad i provinsen sidan desse funksjonane er delt mellom regionen og kommunane.

Bogar i det romerske teateret.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Aosta har vore busett sidan førhistorisk tid og vart ein keltisk-ligurisk by for stamma salassarar. Terentius Varro erobre byen i 25 fvt. for romarane og grunnla kolonien Augusta Praetoria. Etter 11 fvt. vart Aosta hovudstad i Alpes Graies («Dei grå Alpane»), ein provins i Romarriket.

Etter at Vestromarriket fall vart byen erobra av burgundarar, austgotarar, austromarar og langobardar, som annekterte byen til det italienske kongedømet sitt. Dei vart drivne ut av frankarane under Pipin den yngre. Under Karl den store vart Aosta viktig som ein stad langs vegen Via Francigena, som gjekk mellom Aachen og Italia. Etter 888 vart han ein del av det nye kongedømet Italia under Arduin av Ivrea og Berengar av Friuli.

På 900-talet vart Aosta så ein del av Kongedømet Bourgogne, men etter at dette fall i 1032 gjekk byen til Umberto I Biancamano av Huset Savoie. Aosta følgjer så historia til grevskapet Savoie, som hadde hovudstad i Chambéry. Dette kom seinare inn under Kongedømet Sardinia og eit samla Italia.

Under Huset Savoie fekk Aosta ein spesiell status som han opprettheldt då Den italienske republikken vart oppretta i 1948.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Aosta