Apalachee-massakren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Ayubale
Del av Dronning Anne-krigen
ApalacheeRegion1733.jpg
Detalj frå kart frå 1733 som syner Apalachee-provinsen (om lag austenden av det som i dag vert kalla Florida Panhandle). Ayubale er markert «Ayavalla». Plasseringa til mange av misjonslandsbyane er unøyaktige.
Dato 25.-25. januar 1704
Stad Ayubale, Apalachee-provinsen i Spansk Florida
(nær dagens Tallahassee i Florida)
Resultat Engelsk-Creek siger
Partar
Flagget til SpaniaSpania
Apalachee
Flagget til EnglandEngland
Creek
Kommandantar
Fader Angel de Miranda (drepen eller fanga)
Juan Ruíz de Mexía #
James Moore
Styrkar
30 spanske kavaleristar
400 Apalachee-krigarar
50 engelske handelsfolk
1 000 Creek-krigarar
Tap
14 spanjolar[1]
200 krigarar drepne eller fanga<[2]
mange sivile tekne til fange
18 engelskmenn
15 Creek-indianarar[1]

Apalachee-massakren var ei rekkje brutale raid av engelske kolonistar frå provinsen Carolina og deira indianske allierte mot dei stort sett fredelege Apalachee-indianarane nord i Spansk Florida som fann stad under Dronning Anne-krigen i 1704. Mot liten spansk og indiansk motstand, vart eit blømande misjonsnettverk øydelagd. Dei fleste av innbyggjarane vart anten myrda, fanga eller flykta til større spanske og franske utpostar, eller vart frivillig med engelskmennene.

Den einaste store hendinga i ekspedisjonen til den tidlegare guvernøren i James Moore var slaget ved Ayubale, som var einaste gongen dei engelske raida møtte større motstand. Mange Apalachee-indianarar, som ikkje var nøgde med tilhøva under spanjolane, forlet berre byane sine og vart med toktet til Moore. Dei slo seg ned nær elvane Savannah og Ocmulgee, der tilhøva berre var noko betre.

Raida til Moore skjedde etter andre raid som hovudsakleg vart utført av engelsk-allierte Creek-indianarar. Det samla målet med desse raida, utført mellom 1702 og 1709, var å avfolke Spansk Florida bortanfor grenseområda kring St. Augustine og Pensacola.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Hoffman, s. 178
  2. Covington (1972), s. 373