Apanasje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Apanasje (av mellomalderlatin appanare, 'forsyne med brød', frå latin ad, 'til', og panis, 'brød') er titlar, stillingar, gods eller andre verdiar som tilkjem ein kongeleg eller adeleg person.
I Noreg og Sverige er det ei løn som vert ytt til kongen eller eit medlem av kongehuset. Ifylgje § 75 i Den norske grunnlova fastset Stortinget kor mykje som skal betalast i året.
Tradisjonelt i Europa har ein gjeve apanasje til adelege som på grunn av primogeniturregelen ikkje hadde arverett.
Sjå også [endre]
Kjelder [endre]
- «Apanasje» i Nynorskordboka til Dokumentasjonsprosjektet.
- Store norske leksikon, snl.no, «Apanasje»
Denne samfunnsartikkelen som har med økonomi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.